Nedprioriteringa av sidemål er meiningslaus
At norskfaget er det viktigaste faget i skulen må vise igjen på vitnemålet.
Olav Hovland Haavie skriv i VG at norskkarakterane har for stor vekt, og at sidemålseksamen «fremstår stadig mer utdatert i et samfunn der kunstig intelligens allerede skriver bedre nynorsk enn de fleste av oss elever». Å lære seg å lese og skrive er kjerneoppgåva i skulen, og norskfaget er det største og viktigaste faget. Det bør vitnemålet reflektere, slik timetallet gjer det i dag. Løysinga han føreslår, å fjerne eksamen i hovudmål og sidemål er feil medisin.
I ein karakterstyrt skule er sidemålskarakter, eksamen og prøving garantien for at arbeidet med sidemål blir prioritert av lærarar og elevar. Fjernar vi karakteren, eller eksamen, fjernar vi ikkje arbeidsmengda i norskfaget – vi fjernar garantien for at sidemålet blir brukt tid på og tatt på alvor.
At KI skriv nynorsk, er ikkje eit argument for at elevar skal slutte å lære det
Haavie sitt viktigaste argument er kanskje det svakaste: at kunstig intelligens skriv betre nynorsk enn elevane, og at eksamen derfor er overflødig. Det er som å seie at sidan rekneark skriv betre formlar enn elevane, så treng vi ikkje prøve elevane sin kompetanse i matematikk. Skulen skal ikkje berre produsere tekst, men også gje elevane eigne språklege ferdigheiter, slik at dei kan lese, forstå og delta i eit samfunn der begge skriftspråka finst, uavhengig av kva verktøy som er tilgjengelege.
Den reelle urettferda ligg ikkje i sidemålet, men i korleis vi underviser det
Haavie har likevel rett i éin ting: dagens sidemålsordning er ikkje god nok. Mange elevar og lærarar strevar med sidemålsopplæringa. Ikkje fordi nynorsk er vanskeleg, men fordi opplæringa startar for seint, undervisninga er for lite motiverande, og fordi for mange lærarar ikkje kjenner seg kompetente til å undervise i og på nynorsk. Det trengs ei styrking av lærarutdanningane.
Å fjerne sidemålseksamen vil ikkje gje Haavie og medelevane hans ein meir rettferdig skule. Det vil gje dei ein skule der nynorsk forsvinn frå timeplanen før den forsvinn frå vitnemålet.
Noreg er ikkje Noreg utan at alle elevar lærer begge skriftspråka. Den bør ikkje takast bort fordi nokon syns det er slitsomt med eksamen.
Peder Lofnes Hauge
Leiar i Noregs Mållag