aktuelt

No er det tid for mållagsmillionen

Frå venstre: Synnøve Marie Sætre frå Nynorsk forum, Tobias Eikeland frå Norsk Målungdom og Peder Hauge frå Noregs Mållag.

– Det er ingen ting som gjev meir nynorsk for pengane enn ein auke i løyvingane til Mållaget, sa Peder Lofnes Hauge til familie og kulturkomiteen under budsjetthøyringa. 

Fredag 20. oktober møtte Noregs Mållag til høyring i familie- og kulturkomiteen og utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget. Hovudbodskapen var auka løyving til Noregs Mållag. 

Dei 20 nynorskinstitusjonane i Nynorsk forum har samla seg om ei auka løyving på éin million kroner til Mållaget som det viktigaste tiltaket på kulturbudsjettet i 2024. 

I tillegg spelte mållaget inn ønske om tilskotsordning for læringsressursar og verktøy på nynorsk, ein pott til tiltak mot språkskifte i skulen, krav om meir pengar til barne og ungdomslitteratur og auka løyving til Det Norske Teatret. Det vil sikre at teatret kjem på same nivå i løyving som Nationaltheatret. 

Hauge hadde også tid til å dele ut ros under høyringane. Budsjettet for 2024 er det første med ein lovfesta rett til å gå i språkdelte grupper også på ungdomsskulen. 

– Regjeringa legg 40 millionar på bordet, og fortener skryt for å fullfinansiere denne viktige nynorskreforma i ungdomsskulen ved første høve etter at retten blei lovfesta, avslutta mållagsleiaren.