aktuelt

Nynorsk + Sogn og Fjordane = sant!

No står den siste bokmålsskulen i Sogn og Fjordane for fall.

Neste år blir det truleg folkerøysting om Skram skole i Måløy skal gå over til å vere nynorskskule, etter at eit større og større fleirtal av elevane har nynorsk som opplæringsspråk.

For nokre år sidan vart Holvik skule i nabokrinsen lagt ned og elevane overførte til Skram skole. Holvik skule var nynorskkrins, og etter lova skal det vere røysting om opplæringsspråket når to krinsar vert slått saman. Det vart det ikkje.

No har kommunestyret i Kinn har fått framlegg frå kommunedirektøren om å leggje ut spørsmålet om opplæringsspråk til røysting.

I Måløy har opplæringa for vaksne innvandrarar vore på bokmål. Opplæringssenteret har tidlegare sagt at om Skram skole går over til nynorsk opplæringsspråk, er det rett at også dei vaksne innvandrarane får lære nynorsk.

– At innvandrarar får opplæringa si på nynorsk i nynorskområde, er bra både for språkinnlæringa og inkluderinga, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Noregs Mållag tykkjer utviklinga med meir nynorsk i Måløy er utelukkande positiv, og vonar krinsen og kommunen samlar seg om nynorsk.

Her kan du lese meir om arbeidet vårt for nynorsk i skulen