aktuelt

Nordfjordkompaniet er tildelt Nynorsk næringslivspris

Nordfjordkompaniet er tildelt Nynorsk næringslivspris. Frå venstre: Monika Haanes Waagan frå Noregs Mållag, Tom-Øyvind Solheim og Tonje Bjerkan frå Nordfjordkompaniet. (Foto: Joakim Vedvik / Fjordabladet)

Kvart år deler Noregs Mållag ut Nynorsk næringslivspris, og for fyrste gong går prisen til eit opplæringskontor.

– Nordfjordkompaniet, med sin tydelege nynorskprofil og språklege medvit, bidreg til å heve statusen til det nynorske språket innanfor yrkesfaga. Dei er eit føredøme for både lærlingane, medlemsbedriftene, andre opplæringskontor og næringslivet elles, seier Monika Haanes Waagan, jurymedlem for Nynorsk næringslivspris.

Nordfjordkompaniet er eigd av meir enn 130 medlemsbedrifter. Gjennom kompaniet går desse bedriftene mellom anna saman om å tilby læreplassar, rekruttere lærlingar og følgje dei opp gjennom læretida.

– Det er lett å sjå at supergjengen, som dei kallar seg på nettsida, ved Nordfjordkompaniet er opptekne av språket sitt. Dei nyttar eit levande og leikande språk, der lærlingar og lærebedrifter blir til superlærlingar og superbedrifter.

– Med ungdom som målgruppe er Nordfjordkompaniet eit viktig førebilete for dei unge språkbrukarane i Nordfjord. Vi veit at kontoret oppmodar elevar og lærlingar om å halde på språket sitt og fortsette å bruke nynorsk både i utdanninga, i jobbsøknader og i arbeidet sitt, og det set vi stor pris på. Ungdomane våre treng ein nynorsk heiagjeng i ryggen, seier Monika Haanes Waagan.

– Noregs Mållag vil også understreke at vi set pris på at Nordfjordkompaniet er eitt av dei opplæringskontora som etterlyser nynorskversjonar av digitale læremiddel og -ressursar, i dei lærefaga der slike ressursar manglar, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

Prisen vart delt ut på tilskipinga “Jakta på superkreftene” på Operahuset i Nordfjord. Monika Haanes Waagan delte ut prisen på vegner av juryen til Tom-Øyvind Solheim og  Tonje Bjerkan frå Nordfjordkompaniet. 

– At vi har fått denne utmerkinga, er det største som har hendt meg så lenge eg har vore tilsett, og eg har vore med frå starten, sa ein tydeleg rørt Tom Øyvind Solheim då han takka for prisen.
– Vi legg ned mykje arbeid i språket vi brukar, og det er viktig for oss at det vi skriv, er gjennomført og på nynorsk. Gjennom nynorsken viser vi kven vi er. Vi håpar dette kan påverke ungdomane våre, og at dei også kan vere stolte av kven dei er og staden dei kjem frå. Det kjennest fantastisk at Noregs Mållag har lagt merke til innsatsen vår! 

Juryen har vore Anders Riise, leiar, Monika Haanes Waagan, Kristofer Olai Ravn Stavseng, Marianne Granheim Trøyflat og Jan Atle Stang.