aktuelt

Nordland og Vestfold får nei til å skrote nynorsk

Utdanningsdirektoratet har avslått søknadene frå både Nordland og Vestfold fylkeskommunar om å skrote sidemålsopplæringa i vidaregåande skule.

– Dette er veldig bra for alle elevane i Nordland og Vestfold, og bra for nynorsken, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. 

Norskfaget er det viktigaste faget i skulen, og alle norske elevar fortener å få den same opplæringa. Sidemålsopplæring gjev elevane meir språkkunnskap. Noregs Mållag heiar på kunnskap!

At alle i Noreg lærer nynorsk og bokmål, er ein føresetnad for likestilling mellom språka. Når alle kan skrive nynorsk, kan me bruke nynorsk i alle samanhengar. Difor er sidemålsordninga viktig.

I avslaget legg Utdanningsdirektoratet vekt på at forsøk med å ta vekk sidemålsordninga allereie er gjennomført, utan at det gav tydelege gevinstar.

– Prøveprosjekta ville ført til at færre elevar fekk opplæring i sidemål. Når sidemål ikkje blir vurdert som ein eigen del av norskfaget, blir det ofte nedprioritert av både lærarar og elevar. Dette vil på sikt svekkje nynorsken si stilling i samfunnet, i strid med dei språkpolitiske måla Stortinget har vedteke, seier Peder Lofnes Hauge.