Noreg 2050 – éin million nynorskbrukarar
Nynorsken treng ikkje fleire festtalar. Nynorsken treng eit taktskifte i norsk språkpolitikk.
Landsmøtet i Noregs Mållag vedtok fråsegna «Noreg 2050 – éin million nynorskbrukarar»:
Dei siste femten–tjue åra har nynorsken styrkt seg og står støtt på fleire område i samfunnet. Det har aldri vore skrive meir nynorsk enn i dag, og den politiske, sosiale og kulturelle aksepten er større enn nokon gong.
Språklova frå 2022 slår fast at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk. Likevel vert lova brote dagleg. Offentlege verksemder nedprioriterer nynorsk, digitale løysingar har bokmål som standard, og nynorskelevane manglar både læremiddel på nynorsk og lærarar som har kompetanse til å drive opplæring i og på nynorsk.
Ein meir offensiv språkpolitikk er mogleg. Walisisk har i dag om lag like mange språkbrukarar som nynorsk. Regjeringa i Wales har sett seg eit mål om at 1 million menneske skal snakke walisisk innan 2050, og det er sett av fleire titals millionar kroner til tiltaket. Tiltaka er konkrete, prioriteringane er tydelege, og med økonomiske løyvingar og strukturelle grep gjer dei språket meir synleg og meir brukt i kvardagen. Dei har mellom anna endra standardinnstillingane i programvare frå Microsoft på pc-ar i skulen og det offentlege til walisisk.
Noreg må la seg inspirere av Wales. Det er på tide at styresmaktene våre vågar å tenkje stort og nytt om språk. Heller enn å snakke om likebehandling av nynorsk og bokmål, må vi snakke om asymmetriske tiltak som favoriserer nynorsken, nettopp fordi det er det minst brukte språket. Nynorsken må få fordelaktige rammevilkår, slik at vi kan jamne ut det skeive tilhøvet mellom dei to norske skriftspråka.
Samfunnet vårt er allereie gjennomdigitalisert, og utviklinga skjer i eit veldig tempo. Dette får store følgjer for språkutviklinga i Noreg. Det er avgjerande viktig at norsk språkpolitikk blir styrt frå Stortinget, og ikkje frå hjørnekontor i California. Dei multinasjonale tekselskapa har allereie for stor påverknad på det norske språket. Dette er ikkje eit ansvar som kviler på kulturministeren aleine. Noregs Mållag meiner at Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og Kunnskapsdepartementet i større grad må ta språkleg ansvar.
Mange norske elevar får lese- og skriveopplæringa si på datamaskiner utan fungerande nynorsk stavekontroll. Selskapa som leverer programvare tar ikkje dette på alvor. Det er uhaldbart, og i strid med lova. Det er på tide at staten stør opp om skriveprogram og anna programvare med open kjeldekode og god nynorsk stavekontroll. Slik sikrar vi nynorskelevane sine språklege og digitale rettar.
Noreg treng eit nynorsk kulturløft. Noregs Mållag meiner det neste år må løyvast minst 50 millionar kroner til tiltak for nynorsk språk, litteratur, media og kulturformidling. Det må vere eit prinsipp at nynorskinstitusjonane deretter skal ha minst 3,5 prosent av kulturdelen på statsbudsjettet. Slik kan regjeringa trygge den norske kulturarven og styrkje nynorsk som ein demokratisk fellesarena inn i framtida.
Språklova gjev styresmaktene mandat til ein slik politikk. Ambisjonane i lova må følgjast opp med handling.
Noregs Mållag meiner
- at regjeringa må legge fram ein handlingsplan for jamstilling mellom nynorsk og bokmål, med konkrete tiltak som aktivt favoriserer, fremjar og styrkjer nynorsken
- at offisiell norsk språkpolitikk skal ha som ambisjon å auke talet på nynorskbrukarar
- at regjeringa må legge fram ein plan for norskspråkleg digitalisering
- at staten stør opp om initiativ som utviklar skriveprogram med open kjeldekode og god nynorsk stavekontroll til bruk i skulen
- at det blir løyvd pengar over statsbudsjettet til eit nynorsk kulturløft
- at staten utviklar eigne skriveprogram til bruk i skulen