aktuelt

Noreg treng ein nasjonal tiltaksplan for nynorsk i næringslivet

Monika Haanes Waagan er styremedlem og dagleg leiar i Nynorsk bedriftsforum. (Foto: Kristianne Marøy)

Næringslivet er ein sentral arena for språkbruk i Noreg, men dårlege rammevilkår svekkjer høvet til å bruke nynorsk i privat sektor, står landsmøtet i Noregs Mållag fast i denne fråsegna.

Sjølv om språkval handlar både om identitet og språkleg vilje, ligg hovudproblemet i dag i system, struktur og verktøy som i praksis motarbeider nynorsk som næringslivsspråk.

Nynorsk næringsliv rapporterer at tilhøva er utfordrande i ei rekkje bransjar, og mange opplever at det er vanskelegare å drive verksemd på nynorsk enn på bokmål og engelsk. Programvare manglar nynorskstøtte, digitale verktøy favoriserer bokmål, og store internasjonale teknologiselskap leverer løysingar som overser språket vårt.

Bedrifter som vel å bruke nynorsk, må ta ekstra kostnader og omvegar som bokmålsbedrifter slepp. Når språkvalet blir eit spørsmål om ressursbruk, fell likeverdet bort. Slik kan det ikkje vere.

To tredelar av norske arbeidstakarar jobbar i næringslivet. Likevel står dette samfunnsområdet utan eigne språkpolitiske verkemiddel. Staten manglar òg grunnleggande kunnskap om kor mange verksemder som faktisk brukar nynorsk, og kva slags barrierar dei møter. Skal språklova verke etter føremålet, må ho òg omfatte næringslivet og sikre at nynorsk og bokmål kan brukast på like vilkår.

Andre språksamfunn, som Wales, Irland og Catalonia, viser at det er mogleg å tenkje større. Der får næringslivet tilgang til alt frå gratis språktenester og støtteordningar for språkomlegging til samordna press mot teknologigigantar for å sikre synlegheit for eigne språk.

Slike grep viser kva som er mogleg når styresmaktene set kraft bak ambisjonane, og når næringslivet blir rekna som ein naturleg del av språkpolitikken, ikkje ei sidegrein.

Noreg treng eit tilsvarande språkpolitisk skifte. Nynorsk i næringslivet handlar ikkje berre om identitet – det handlar om demokrati, digital suverenitet og like konkurransevilkår. Bedrifter som vil bruke nynorsk, kan ikkje møtast med barrierar, ekstra tidsbruk eller høgare kostnader.

Språklova pålegg det offentlege å fremje nynorsk. Difor må staten sørgje for språklege rammevilkår som gjer nynorsk og bokmål likeverdige i næringslivet, og språkvalet til bedriftene kostnadsnøytralt. 

Noregs Mållag meiner

  • at regjeringa må legge fram ein tiltaksplan for å styrke nynorsk i næringslivet
  • at styresmaktene må sikre norsk språksuverenitet i digitaliseringa, gjennom språklege rammer og tydelege krav til teknologigigantar som opererer i den norske marknaden
  • at regjeringa må etablere ei tilskotsordning for bedrifter som treng støtte til omsetjing, språkvask, omprofilering eller tekniske tilpassingar for å bruke nynorsk
  • at regjeringa må styrkje kunnskapsgrunnlaget om nynorsk i næringslivet gjennom eit forskingsprogram og eit årleg «språkbarometer» for nynorsk i næringslivet