aktuelt

Noregs Mållag krev ein handlingsplan for norskspråkleg digitalisering

Leiar Peder Lofnes Hauge og nyvald nestleiar Live Havro Bjørnstad.

– Det må vere like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar, også på internett, seier Peder Lofnes Hauge som nettopp fekk attval som leiar i Noregs Mållag. 

I helga heldt Noregs Mållag landsmøte i Trondheim. Med 200 målfolk i salen var norsk språk i den digitale verda eit av hovudemna under møtet. 

– Dei store multinasjonale selskapa sit med stor makt over språkutviklinga i Noreg, både i klasseromma og samfunnet elles. Vi må ta tilbake makta over utviklinga. Eit første steg er ein tydeleg språkplan, seier mållagsleiaren, som kjem med ei klar utfordring til  digitaliseringsminister Karianne Tung. 

Landsmøtet i Noregs Mållag har vedteke ei fråsegn som krev ei konkret gjeremålsliste med tiltak som raskt skal gjere den digitale kvardagen betre. 

Førre veke kunne ein lese at digitaliseringsministeren vil at 80 prosent av offentleg sektor skal bruke kunstig intelligens (KI) innan 2025

– Med slike mål må det også vere planar for språket. Om 80 prosent av offentleg sektor skal nytte KI, må den teknologien vere på både nynorsk og bokmål. Og det må Karianne Tung ta ansvar for allereie i dag, avsluttar Peder Lofnes Hauge.