Noregs Mållag stør Det Norske Teatret
Noregs Mållag har kjøpt eit sete i hovudsalen på Det Norske Teatret for 10 000 kroner, som støtte til kampanjen «Tett gapet». Vi oppmodar andre om å gjere det same.
– Det nynorske nasjonalteateret må få lik løyving over statsbudsjettet som det andre nasjonalteateret i hovudstaden. Berre slik kan me sikre jamstilling mellom nynorsk og bokmål, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.
Sidan 1991 har den økonomiske skilnaden mellom dei to teatera blitt større og større, og i dag er gapet på om lag 25 millionar kroner. Dette gapet må tettast for å sikre nynorsk scenekunst gode levekår, og sikre den viktige nynorskinstitusjonen som Det Norske Teatret er.
Det Norske Teatret er eit like stort teater som Nationaltheatret. Det Norske Teatret held eit like høgt kunstnarleg nivå, når eit like stort publikum, er like utviklande for scenekunsten og dessutan banebrytande for mangfald og representasjon, seier teatersjef Erik Ulfsby.
Med språklova frå 2020 vedtok Stortinget at nynorsk skulle fremjast særskilt. No peikar målrørsla på eit av dei tydelegaste tiltaka som må på plass. Etter at nynorskdramatikaren Jon Fosse vart tildelt nobelprisen i litteratur, er det endå meir aktuelt.
– Det Norske Teatret er den viktigaste Fosse-scena i verda. Det må regjeringa ta innover seg, seier Peder Lofnes Hauge.
Teateret treng at fleire enn Noregs Mållag støttar dei økonomisk. Alle som er glad i nynorsk, kan støtte dei med valfrie beløp via Spleis, eller fastsette beløp på heimesida. Klikk her for å lese meir: www.detnorsketeatret.no/framsyningar/stott-aksjonen-tett-gapet
Støtt kampanjen, og løft løyvingane til Det Norske Teatret!