aktuelt

Norsklærarar kjenner seg minst rusta til arbeid med sidemål

Ei kartlegging frå Språkrådet og Instituttet for lærarutdanning ved NTNU, viser at fagområdet der norsklærarar kjenner seg minst kompetente, er i arbeidet med sidemål.

– Dette er ei svært stor utfordring som rammar nynorsk spesielt. For storparten av elevane i norsk skule er nynorsk sidemålet. Det er ikkje rart elevar meiner sidemålet er vanskeleg når læraren ikkje meistrar å drive opplæring, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. 

Berre halvparten av lærarane som svarte på kartlegginga, seier at dei kjenner seg ordentleg rusta til å undervise i sidemål. 

– Noregs Mållag har i lang tid peika på at lærarutdanningane må ta meir ansvar for at lærarane blir sette i stand til å drive opplæring i og på nynorsk. Her har vi det svart på kvitt at utdanninga ikkje er god nok på dette feltet, seier Peder Lofnes Hauge. 

I kartlegginga kjem det også fram at 23 % av lærarane seier at dei nesten aldri tematiserer sidemål. Dette er trass i at læreplanane slår fast at elevane skal møte nynorsk og bokmål frå 2. trinn.

– Det er tydeleg at veldig mange elevar ikkje får den opplæringa dei skulle hatt. Slik kan vi ikkje ha det. Eg ventar at dei to statsrådane i Kunnskapsdepartementet no tek grep. Det bør vere umogleg å sitje stille og sjå på at vi utdannar lærarar som ikkje har kompetansen som krevst, avsluttar mållagsleiaren.

Kartlegging