aktuelt

Ny frist for nynorskklasse i Bergen

Om det skal bli nynorskklasse ved Midtun skole i Bergen til hausten, må fleire foreldre melde borna sine på. Ny frist er 14. mars 2022.

Allereie i fjor sette bystyret i Bergen av pengar for å etablere ein eigen klasse på ein av sentrumskulane i Bergen. Den vart ikkje oppretta, og i år har byrådet peika ut Midtun skole.

No vonar både Mållaget og byrådet i Bergen på positiv respons på å etablere klassa. Det har meldt seg nokre foreldre som ynskjer nynorskklasse for sine born, men det må kome fleire til for at klassa vert starta opp.

Ny frist er sett til måndag 14. mars 2022.

Byrådet i Bergen er positive til forsøket, og det er også rektor og lærarkollegiet på Midtun skole.  Bergen kommune har slått fast at byen skal vere nynorskhovudstaden på Vestlandet, eit naturleg sentrum i ein nynorskdominert region.

Det er i overkant av 350 nynorskelevar i Bergen i dag. Desse er i hovudssak fordelt på Salhus og Arna. Alle som har born som skal byrje på skulen til hausten i Bergen kommune, kan søkje seg til nynorskklassa på Midtun, same kvar dei har bustadadresse i byen. Midtun skole ligg like ved bybanestoppa Nesttun og Skjoldskiftet. Dei som bur meir enn to kilometer frå skulen, vil ha rett på skuleskyss og tilbod om SFO.

Vil du vite meir om tilbodet kontakt Live Havro Bjørnstad i Hordaland Mållag på telefon 917 53 937 og e-post live.bjornstad@nm.no

og les meir hjå Bergen kommune: https://www.bergen.kommune.no/hvaskjer/barnehage-og-skole/nynorskklasse-for-fyrsteklassingar-pa-midtun-skole-til-hausten