aktuelt

Ny leiar og nytt styre i Løvebakken Mållag!

Oppstilling etter årsmøtet i Løvebakken Mållag. Frå venstre: Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, stortingsrepresentantane Erling Sande (Sp), Åse Kristin Ask Bakke (Ap), Stig-Even Lillestøl (FrP), Solveig Vestenfor (Ap) og Harry Valderhaug (KrF). (Foto: Frida Pernille Mikkelsen)

Stortingsrepresentant Åse Kristin Ask Bakke (Ap) er nyvald leiar i Løvebakken Mållag.

På sjølvaste 120-årsdagen til Mållaget, var det duka for årsmøte i Løvebakken Mållag. Dette er lokallaget til Noregs Mållag på Stortinget. Og det er nett no 28 medlemer i laget.

Me er veldig glade for at dei viktige og travle stortingsfolka samlar seg til eit tverrpolitisk samarbeid gjennom eit lokalt mållag på Stortinget. Løvebakken Mållag har ei lang og viktig historie i norsk målreising. Laget vart skipa i 1975 og den fyrste formannen var Bergfrid Fjose frå KrF.

No startar neste kapittel! Dei viktigaste sakene i denne stortingsperioden vert grunnlovfesting av jamstillinga mellom nynorsk og bokmål, satsing på sidemål, lærarutdanninga, digitale læringsressursar, og eit løft for nynorsk kultur.

Årsmøtet valde eit nytt styre. Det nye styret ser slik ut:
Leiar: Åse Kristin Ask Bakke (Ap)
Styremedlem: Erling Sande (Sp)
Styremedlem: Stig-Even Lillestøl (FrP)
Styremedlem: Siren Jensen (MDG)
Styremedlem: Sofie Marhaug (R)
Styremedlem: Ingrid Fiskaa (SV)