aktuelt

Ny norsk nynorskpolitikk

Leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge og leiar i Norsk Målungdom Gunnhild Skjold. Foto: Noregs Mållag

– Den nye språklova må føre til ein ny norsk nynorskpolitikk i Noreg, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.


I dag vedtok Stortinget ei ny språklov for Noreg. Første paragraf slår fast at føremålet er å fremje nynorsk som det minst brukte av dei to norske skriftspråka.

– Den nye språklova opnar eit nytt kapittel i norsk språkhistorie. For første gong er det lovfesta at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsken. Språkpolitikken må aktivt favorisere og forskjellsbehandle nynorsken heilt til det er like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar i Noreg, seier Peder Lofnes Hauge.

Noregs Mållag har venta på denne lova i over femten år.

– Vi har jobba hardt for ei lov som er endå meir offensiv på nynorsken sine vegner, men gler oss over den historiske føremålsparagrafen. Den forpliktar, seier Peder Lofnes Hauge.

Han meiner denne lova no vil legge føringar for arbeidet til alle som sit rundt Kongens bord, i dag og i framtida.

– Dette må føre til eit taktskifte for norsk språkpolitikk, med mange målretta tiltak for å fremje nynorsk i alle delar av det offentlege. Kåra for nynorsk må vere eit omsyn i all politikkutforming, seier Peder Lofnes Hauge.

Han meiner regjering snart skal opp til sin første store eksamen når dei i løpet av året skal leggje fram ei ny opplæringslov.

– Det må bli ei opplæringslov som styrkjer nynorsken i skulen. Dei må omsetje intensjonane i språklova til praksis og syte for at nynorskelevane får ein betre skulekvardag og ei like god lese- og skriveopplæring som bokmålselevane.