aktuelt

Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

Skjermdump frå framlegginga av opplæringslova

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. I dag la kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) fram regjeringa sitt forslag til ny opplæringslov.

– Utan endringar i Stortinget vil den nye opplæringslova føre til ei større digital læremiddelkrise for nynorskelevane.

Mållagsleiaren er svært skuffa over at regjeringa ikkje viser vilje til å sikre nynorskelevane den same tilgangen på og retten til digitale læremiddel og læringsressursar som dei andre elevane har.

– Det hjelper lite med eit nynorskkrav til berre nokre få, store læremiddel når kravet ikkje treffer alle dei digitale læringsressursane, appane, plattformene og verktøya som faktisk finst på marknaden og blir brukte i skulen, seier Peder Lofnes Hauge.

Han meiner styresmaktene overlet styringa av skulen til private aktørar.

– Departementet har laga eit kunstig skilje mellom “læremiddel” og “læringsressursar”. Produsentane utnyttar dette smottholet i lova og lagar produkt som ikkje har nynorskversjon. Dette må Stortinget stogge med eit tydeleg lovkrav. 

– Vi merkar oss at grasrota i både Ap og Sp no mobiliserer for våre krav. Det vil vere oppsiktsvekkande om regjeringspartia ikkje vil sikre nynorskelevane ein reell rett til digitale læremiddel på språket sitt.

Sjølv om Noregs Mållag bur seg på kamp i Stortinget, gler Peder Lofnes Hauge seg over at språkdelte ungdomsskular framleis ligg inne i lovforslaget, og at det no blir eit absolutt krav om at skriveprogram i skulen må kunne nynorsk.

– Likevel vil ikkje denne lova gje nynorskelevane dei same rettane som bokmålselevane har. Det er dramatisk for nynorsken i skulen.

Her kan du lese framlegget frå regjeringa: Prop. 57 L (2022–2023) Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

For meir informasjon:
Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, 95122689, e-post: peder.hauge@nm.no