aktuelt

Ny politisk rådgjevar

Synnøve Marie Sætre (Foto: Kristianne Marøy)

Synnøve Marie Sætre (35) blir ny politisk rådgjevar i Noregs Mållag.

Ho kjem frå stillinga som senterleiar hjå Nynorsksenteret (Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa) ved Høgskulen i Volda. 

– Eg har jobba med språkpolitikk i heile mitt vaksne liv og tykkjer det skal bli spennande å fortsetje med det på ein ny måte, seier Synnøve Marie Sætre. 

Ho vart aktiv i Norsk Målungdom i studietida ved Universitetet i Oslo. Etter ein periode i sentralstyret blei ho leiar i Norsk Målungdom frå 2015 til 2017. Ho var nestleiar i Noregs Mållag i 2020–2024, og i to periodar var ho fungerande leiar i Noregs Mållag. Siste to åra, fram til ho blei tilsett som ny politisk rådgjevar, har ho møtt som fyrste varamedlem til styret. 

Synnøve Marie Sætre har skrive mastergrad med tittelen «Språkpolitikk i opplæringslova». Før jobben på Nynorsksenteret var ho tilsett hjå Nynorsk kultursentrum og deretter lektor ved Ulstein vidaregåande skule. Synnøve Marie kjem frå Ørsta og har budd der siste åra. No flyttar ho til Bergen og skal dele tida si mellom Bergen og skrivarstova i Oslo. 

Ho ser fram til å byrje som politisk rådgjevar i Noregs Mållag. 

– Det er meiningsfylt å jobbe for å sikre gode vilkår for nynorsken og nynorskbrukarane, seier Synnøve Marie Sætre. 

Ho tek til i stillinga i midten av juni.