Ny rapport gjev Mållaget rett

Regjeringa har undersøkt korleis det står til med nynorske læringsressursar i skulen. Ny rapport viser at nynorskelevane møter for mykje bokmål.
– Det er umogleg å sjå for seg at kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun ikkje fremjar lovendring for Stortinget etter å ha fått denne rapporten på skrivebordet sitt, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.
Då Stortinget vedtok ny opplæringslov i juni 2023, valde dei å ikkje lovfeste krav om nynorskversjon av læringsressursar utvikla til bruk i skulen, slik mellom anna Noregs Mållag, Språkrådet, Utdanningsforbundet og ei lang rekkje norske ordførarar kravde. Derimot bad dei departementet undersøkje korleis situasjonen er i skulen. No er rapporten frå NIFU klar.
– Denne rapporten viser at vi hadde rett då vi åtvara om at nynorskelevane møter for mykje bokmål i skulekvardagen, fordi mange av dei mindre læringsressursane rett og slett ikkje finst på nynorsk, seier Peder Lofnes Hauge.
Nokre hovudfunn i rapporten er at «det er færre læringsressursar på nynorsk enn på bokmål» og at «det er ofte vanskeleg å finne fram til innhald på nynorsk». Berre 49 av 90 kartlagde læringsressursar er på nynorsk. Av desse igjen er det fleire som inneheld ein mindre del nynorsk, og det er vanskeleg å finne fram til det nynorske innhaldet der dette finst.
– Vi er ikkje overraska, og dette stemmer godt overeins med dei tilbakemeldingane vi har fått over tid frå fortvilte elevar, foreldre, lærarar og skuleeigarar i nynorskkommunane, seier Peder Lofnes Hauge.
Ein læringsressurs er mindre i omfang og ofte avgrensa til eit særskilt tema, og har ikkje krav om nynorsk og bokmålsversjon, slik læremiddel har. Likevel er bruken utbreidd. Rapporten slår fast at det er uklårt for både lærarar og elevar kva som er læringsressursar og kva som er læremiddel, og at denne definisjonsproblematikken kan utnyttast av produsentane. Dei kan sjonglere med omgrepsbruken og bruke andre merkelappar enn læremiddel på det stoffet dei ikkje utviklar på nynorsk. Mållagsleiaren meiner rapporten må føre til lovendring straks.
– Det er umogleg å sjå for seg at kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun ikkje fremjar lovendring for Stortinget etter å ha fått denne rapporten på skrivebordet sitt. Dei som utviklar ressursane, veit at dei kan sno seg unna svak lovtekst. Sårbare nynorskelevar har allereie mista verdifull tid, seier Peder Lofnes Hauge.
Rapporten ligg på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.
Oppdraget frå Stortinget i vedtak 734: «Stortinget ber regjeringen gjennomføre en kunnskapsinnhenting rundt omfanget av bruken av læringsstøttende ressurser i opplæringen som ikke foreligger på begge målformer, og komme tilbake til Stortinget med en vurdering av i hvilken grad dette påvirker særlig nynorsk-elevenes rett til opplæring på eget språk.»