aktuelt

Nye tilsette i Mållaget

Nye tilsette i Mållaget (Foto: Hege Lothe)

Denne veka byrjar to nytilsette i Noregs Mållag. Frida Pernille Mikkelsen er tilsett som politikk- og kommunikasjonsrådgjevar i Noregs Mållag, og Vemund Norekvål Knudsen er tilsett som redaktør i Norsk Tidend og politisk rådgjevar.

– Det er gjevande å få arbeide vidare for ei så viktig sak som målsaka, seier Frida Pernille Mikkelsen. 

Frida Pernille Mikkelsen er 25 år og kjem frå Førde i Sunnfjord. Ho kjem frå vervet som leiar i Norsk Målungdom, der ho også tidlegare har vore dagleg leiar og sentralstyremedlem. Ho har ein bachelor i offentleg administrasjon og leiing ved Universitetet i Oslo. 

Vemund Norekvål Knudsen er 25 år og kjem frå Stavanger. Han er nyutdanna med mastergrad i språk og litteratur ved Universitetet i Bergen. I studietida var han redaktør i tidsskrifta Røyst og Prosopopeia, og han har tidlegare vore fylkessekretær i AUF i Rogaland. 

– Eg ser fram til å få arbeide med språkpolitikk, og eg ser fram til å utvikle medlemsbladet Norsk Tidend, seier Vemund Norekvål Knudsen.

– Me er glade for å få to dyktige og unge medarbeidarar som skal vere med å byggje Mållaget til ein større og meir slagkraftig organisasjon, seier Synnøve Marie Sætre, fungerande leiar i Noregs Mållag.