aktuelt

Nye tiltak for norsk fagspråk i akademia

Universitetsplassen i Oslo. (Foto: Anders Lien/UiO)
Universitetsplassen i Oslo.

Forskings- og høgare utdanningsminister, Ola Borten Moe, lovar betre tider for norsk fagspråk i akademia. Denne veka har han føreslege fleire nye tiltak og reglar som skal sikre det norske språket i høgare utdanning. 

– Det har vore ei god veke for norsk fagspråk! Regjeringa har verkeleg gått frå ord til handling, og vi håpar Stortinget vil slutte seg til dette, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag 

Onsdag la Ola Borten Moe og kulturminister, Anette Trettebergstuen fram ein flunkande ny handlingsplan for norsk fagspråk i akademia. Og fredag fylgde Borten Moe på med ei ny universitets- og høgskulelov, med fleire nye språklege lovparagrafar. 

I forslaget til ny universitets- og høgskulelov går regjeringa frå ordlyden «vedlikehalde og vidareutvikle» til «bruke, utvikle og styrke norsk fagspråk». Regjeringa føreslår også å gjeninnføre regelen om at undervisningsspråket skal vere norsk eller samisk, og gir studentane rett til å skrive bachelor- eller masteroppgåve på norsk. Borten Moe har også varsla at han vil føreslå å feste eit krav i forskrift om norskkompetanse på nivå B2 innan tre år for faste tilsette som har undervisningsoppgåver.

Hauge er i stor grad nøgd, men peikar på at der norsk er truga, er nynorsken særleg truga. Som det minst brukte av dei norske skriftspråka, står det i ein heilt annan situasjon enn bokmål.

– No forventar eg at institusjonane framover set i gang eit mykje meir medvite arbeid med norsk språk i akademia. Nynorsk treng spesielt eit kraftig løft. Heldigvis er departementet tydeleg på at norsk språk både er nynorsk og bokmål. Styrkinga skal ikkje berre kome bokmålet til gode, seier mållagsleiaren.

Les forslag til universitets- og høgskulelov her, og handlingsplanen her.