aktuelt

Nynorsk barnelitteraturpris 2023 til Maria Parr og Åshild Irgens

Peder Lofnes Hauge overrekte Nynorsk barnelitteraturpris 2023 til illustratør Åshild Irgens. Forfattar Maria Par hadde ikkje høve til å møte. (Foto: Kristianne Marøy)

Forfattar Maria Parr og illustratør Åshild Irgens får Nynorsk barnelitteraturpris 2023 for boka «Oskar og eg».

Forfattar Maria Parr og illustratør Åshild Irgens får Nynorsk barnelitteraturpris 2023 for boka «Oskar og eg». Boka er gjeven ut på Det Norske Samlaget. Nynorsk barnelitteraturpris vert delt ut ved opninga av landsmøtet i Noregs Mållag i Trondheim 19.–21. april 2024. 

Prisen er på 50 000 kroner og har blitt delt ut av Noregs Mållag sidan 1956. Juryen har vore: Roald Kaldestad, Kristin Hatledal og Isabella Rubie Pareliussen. 

Juryen skriv dette om boka:
«Oskar og eg» av Maria Parr og Åshild Irgens er ei nydeleg, varm, trist, energisk og morosam bok om ein heilt vanleg, velfungerande kjernefamilie, med mor, far, søster og bror. Her er ikkje noko stort drama eller noko fantastisk som skjer, men ut av dette klarar forfattar og illustratør å skape stor kunst. 

Maria Parr er rett og slett i ein eigen divisjon i norsk barnelitteratur, med sitt friske, kraftfulle språk, drivet i forteljingane og dei heilstøypte karakterane som me blir så glade i. Teksten vippar aldri over til å bli for søt eller sentimental. Hennar faste illustratør, Åshild Irgens, har fått boltre seg litt meir enn vanleg, og dette vil truleg gjera at ferske lesarar vil sluke denne boka.

Det at Maria Parr tek høgtlesinga på alvor i ei tid der ein treng den meir enn før, samtidig som den blir litt borte hos mange, er noko som gjer boka ekstra fin. Kvart kapittel kan lesast som ei avsluttande forteljing noko som gjer det enkelt for foreldre å lese boka høgt. Samtidig er det godt mogeleg for barn å lese boka sjølv dersom dei ønskjer det.

Det er første gang at ei bok av Maria Parr er så gjennomillustrert som denne, og det kler boka. Åshild Irgens har på same måte som Parr illustrert for barna som les boka. Det er glade fargar og menneske som ein kan lese kjenslene til gjennom ansiktsuttrykka dei viser. Samtidig er det mykje rom igjen for å lage eigne bilete i hovudet sitt. Både Parr og Irgens klarer å skildre kvardagen og fellesskapet i det å vere ein familie, samt det å ha sysken, på ein heilt spesiell måte som rører noko i oss som les.

Boka har undertittelen «alle plassane vi er». Og det er nettopp på alle desse plassane, som er så viktige når ein er små, at magien skjer. Det er rett og slett fristande å sitere Olav H. Hauge når ein skal oppsummere årets prisvinnar. «det gjeng an å leva i kvardagen òg». 

Åshild Irgens er på landsmøtet i Trondheim for å ta imot prisen, medan Maria Parr ikkje hadde høve til å ta turen. (Foto: Kristianne Marøy)