aktuelt

Nynorsk barnelitteraturpris til Harald Nortun

Harald Nortun får Nynorsk barnelitteraturpris 2020 for boka Spådama i 7B.


Prisen vart delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta fredag 11. juni.

– Eg har kome heim til nynorsken, sa prisvinnaren, som òg har gjeve ut bøker på bokmål, under utdelinga.

Spådama i 7B handlar om fordommar og fyrsteinntrykk, og kor fort dei festar seg.

«Det er ei god blanding av humor og alvor om eit emne som ikkje så ofte blir behandla i bøker for barn og ungdom», skriv juryen i grunngjevinga.

Harald Nortun er utdanna litteraturvitar og busett i Trondheim. Han har skrive fleire kritikarroste barnebøker. Spådama i 7B er òg nominert til Bokslukerprisen, som Foreningen !les deler ut. Boka har kome ut på Samlaget.

Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris får eit diplom og 30 000 kr. Prisen har blitt delt ut av Noregs Mållag sidan 1968.

Juryen har vore Per Roger Sandvik, Ingrid Rogne og Rita Mundal.

Heile grunngjevinga frå juryen:

Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2020 har skrive ei bok som handlar om Nina som startar på ny skule for fjerde gong. På grunn av nokre tilfeldige hendingar byrjar rykta å gå om at Nina er synsk. Ho får tilnamnet «spådama i 7 B», og vips har ho blitt den største kjendisen på skulen.

Vinnarboka er medrivande frå fyrste stund. Lesaren blir dregen inn i forteljinga og lever seg inn i situasjonen til hovudpersonen. Språket er lett og har fin flyt, og spenninga held seg oppe gjennom heile boka. Dette skapar godt driv, tenner leselysta og gjer lesaren nysgjerrig. Heile tida har du lyst til lesa vidare for å finne ut korleis i all verda Nina skal greie å koma ut av uføret ho har hamna i og fri seg frå rolla som spådame med æra i behald.

Boka er realistisk og truverdig om korleis ei tilfeldig hending kan få store konsekvensar og føre til vanskar og forviklingar. Det er ei god blanding av humor og alvor om eit emne som ikkje så ofte blir behandla i bøker for barn og ungdom. Ein ser kor lett det er både for barn og vaksne å bli lurt når spådommar stemmer. Boka set tankane i sving rundt temaet overnaturlege evner og er ei bok som lesaren har med seg vidare.

Forteljinga er levande fortalt. Forfattaren skriv på ein slik måte at lesaren skapar seg sine eigne bilde i hovudet. Det blir mest som ein film ut av denne historia.

Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2020 er Harald Nortun for boka Spådama i 7B.  Juryen gratulerer og håpar at prisen vil føre til at boka får stor merksemd, mange lesarar og fornya lyst hjå forfattaren til å skrive gode bøker for barn og ungdom.