Nynorsk + Dovre = sant!

Forsking syner at om du er elev i ein kommune med meir enn 50 prosent nynorskelevar, har du større sjanse for å få betre resultat på nasjonale prøvar. I språkdebatten i Dovre er det likevel fleire som meiner at det er vanskelegare å lære seg nynorsk enn bokmål. Vi vil peike på at det er gode forskingsbaserte argument for å halde på nynorsk som opplæringsspråk.
Forskingsprosjektet «Lærende regioner» (2015) undersøkte samanhengen mellom hovudmål og resultat på nasjonale prøvar i rekning, lesing og engelsk. Funna frå studien vekte såpass mykje interesse at H
Forsking syner at om du er elev i ein kommune med meir enn 50 prosent nynorskelevar, har du større sjanse for å få betre resultat på nasjonale prøvar. I språkdebatten i Dovre er det likevel fleire som meiner at det er vanskelegare å lære seg nynorsk enn bokmål. Vi vil peike på at det er gode forskingsbaserte argument for å halde på nynorsk som opplæringsspråk.
Forskingsprosjektet «Lærende regioner» (2015) undersøkte samanhengen mellom hovudmål og resultat på nasjonale prøvar i rekning, lesing og engelsk. Funna frå studien vekte såpass mykje interesse at Høgskulen på Vestlandet sette i gang eit større prosjekt (MultiLit), saman med ei rekkje forskingsinstitusjonar. Studien viser tydeleg at resultata i nynorskkommunar er betre enn det forskarane venta.
Kort sagt syner forskinga at om du bur i ein kommune med meir enn 50 prosent nynorskelevar, har du større sjanse for å få betre resultat enn venta på nasjonale prøvar. Så sjølv om nynorskelevane kan streve med språket sitt, viser forskinga at nynorskelevane får eit større språkleg register enn bokmålselevane. Det ser ut til at den rike språkstimuleringa nynorskelevane får, utløyser ein type kognitiv trening som i neste omgang gjev målbart positivt utslag på læring generelt.
Læreplanane i skulen: Nynorskelevar vil alltid lære bokmål parallelt med hovudmålet sitt, fordi dei møter bokmål på så mange arenaer utanfor skulen. Men ein stø nynorsk skulekvardag vil også gje dei høve til å bli støe nynorskbrukarar. Dei nye læreplanane legg opp til meir elevstyrte tekstutval i klasserommet. Om dette ikkje alltid samsvarar med hovudmålet på skulen, kan det likevel vere med på å gje elevane eit reflektert forhold til språk. Elevane skal uansett gjere stoffet til sitt eige, og presentere det på sitt eige språk. Med trening og god hjelp kan dei slik opparbeide seg ein type språkleg medvit bokmålselevane ikkje får.
Mange bidreg med å leggje til rette for å få meir nynorsk inn i klasserommet. Nynorsklærarane og elevane treng både språkleg gode lærebøker, læremiddel og ressursar på nynorsk. Nynorsksenteret og andre nynorskinstitusjonar tilbyr mange undervisningsopplegg, og stiller opp med støttefunksjonar. Til dømes har Landsamanslutninga av nynorskkommunar nynorskkurs for tilsette i skulen. Dette kurstilbodet er veldig populært, og har kome til etter ynskje frå nynorskkommunar. Dette er berre to av mange døme.
Kostnad ved å skifte læremiddel: I saksutgreiinga er det lagt opp til å skifte til bokmålsbøker for alle på likt, som ein eingongskostnad. Reknestykket hevdar at om skulen held fram med nynorsk opplæringsspråk, fører det til ei dobbel utgift på grunn av parallelle klassar med bokmål og nynorsk. Det er ikkje teke høgd for moglegheita for å få parallelle klassar sjølv om skulen skulle bli ein bokmålsskule i lang tid framover.
Saksutgreiinga går ut frå at eit bokmålsvedtak skal feie nynorsken og nynorskbøkene ut av Dovre skule for godt. Det er det ikkje er grunnlag for å tru at vil stemme i eit samfunn der mange framleis vil kjenne sterk tilknyting til det nynorske språket.
Talet på nynorskelevar: Saksutgreiinga peikar på at andelen nynorskelevar nasjonalt har gått tilbake siste 30 åra. Den vesentlege auken av bokmålselevar har kome på grunn av tilflytting og sentralisering til bokmålsområde, og ikkje fordi folk vel vekk nynorsk. I år er det om lag 70 900 nynorskelevar i grunnskulen, mot 81 700 i 1992. Desse tala kunne vore langt verre. I motsetnad til saksutgreiinga ser vi på tilbakegangen som eit argument for å halde fram med nynorsk. Det er i dag 128 norske kommunar med nynorskelevar. Innlandet har om lag 2 800 av dei.
Meir nynorsk – ikkje mindre: I dag møter vi nynorsk mykje oftare enn vi gjorde for tretti år sidan. Det er fordi vi lever med meir tekst i kvardagen, og fordi nynorsk er synleg i fleire aviser og mediehus. Stadig fleire appar, programvarer og språkteknologi vert utvikla på nynorsk.
Opplæringsspråk i skulen er eit lokalt val med nasjonal effekt: Å skifte opplæringsspråk i skulen er ikkje ei sak ein skal ta lett på. Lova stiller krav til at minst ein fjerdedel av dei med røysterett, må skrive under på eit krav før kommunen pliktar å ha røysting. Alle med røysterett kan røyste. Stortinget har dermed markert at språket i skulen er eit spørsmål som ikkje berre gjeld elevane og lærarane på ein enkelt skule: Språket i skulen påverkar alle i eit lokalmiljø, også i næringslivet, organisasjonslivet og kyrkja.
I nesten hundre år har opplæringsmålet i Dovre kommune vore nynorsk. Dialekt og nynorsk er viktig for identiteten i Nord-Gudbrandsdalen, og er ein stor del av lokalsamfunnet. Val av språk i skulen er ei lokal avgjerd. Samstundes har vi også eit felles ansvar i heile Noreg om å stø opp om nynorsken, ein av våre største kulturelle skattar. Språkleg mangfald er ein verdi vi bør vere stolte av og ta vare på.
Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag
Hans Enstad, leiar i Lesja og Dovre dialekt- og mållag
Helen Johannessen, leiar i Austmannalaget