aktuelt

– Nynorsk er avhengig av ei betre opplæringslov

Noregs Mållag ber regjeringa gjere kraftige betringar i den føreslåtte opplæringslova.

Fungerande leiar Synnøve Marie Sætre meiner framlegget er dramatisk for nynorsken og nynorskelevane.

Denne veka gjekk høyringsfristen for framlegget til ny opplæringslov ut. Fungerande leiar Synnøve Marie Sætre meiner framlegget ikkje løyser utfordringane for nynorskelevane i skulen.

– Ei ny opplæringslov er den viktigaste sjansen styresmaktene har til å vise at dei bryr seg om nynorskelevane og dermed nynorsk sin posisjon i Noreg. Framlegget som er kome, er oppsiktsvekkjande svakt, så her må det store endringar til.

Synnøve Marie Sætre peikar mellom anna på at det ikkje er føreslått tiltak for å sikre nynorskelevane rett til læremiddel på nynorsk.

– Læremiddelsituasjonen er kritisk for nynorskelevane, spesielt for digitale læremiddel, seier Synnøve Marie Sætre. Regjeringa må ta tak i dei ujamne læringsvilkåra mellom bokmåls- og nynorskelevar for å hindre at fleire byter til bokmål.

Det er òg alvorleg at lovframlegget ikkje gjev nynorskelevane rett til å gå i eigne klassar i ungdomsskulen, meiner Synnøve Marie Sætre.

– Mykje av undervisninga i språkblanda klassar går føre seg på bokmål. Det bidreg til at mange byter opplæringsspråk på vidaregåande, noko som er eit av dei største problema for nynorsken i dag. Dette er ein av tinga vi ventar at regjeringa gjer noko med.

Høyringssvar frå Noregs Mållag til NOU 2019:23 – Ny opplæringslov