aktuelt

Nynorsk er Konge

Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoff og Jannica Luoto

Meir nynorsk frå Kongehuset i 2022: I nye aktuelle saker på eigne nettsider frå Kongehuset auka nynorskdelen til 21 prosent.

– Kongen har lytta til mållaget, seier ein nøgd leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

Hausten 2021 vekte det stor oppsikt då nemnda som førebudde nytt arbeidsprogram for Noregs Mållag, føreslo at 25 prosent av talane frå Kongehuset skulle vere på nynorsk. Etter mykje debatt samla landsmøtet seg sidan om å stille krav til at 25 prosent av tekstane frå Slottet skulle vere på nynorsk.

– Det er tydeleg at Kongehuset har fått med seg ordskiftet i og kravet frå Noregs Mållag. Landsmøtet vårt var tydeleg på at eit kongehus for heile landet må nytte heile det norske språket, og bidra til å fremje nynorsk. Det har Slottet gjort, seier Peder Lofnes Hauge.

Også årets første nettsak på https://www.kongehuset.no/ er skriven på nynorsk, og Peder Lofnes Hauge håpar på enno meir nynorsk frå Slottet i åra som kjem. Han trur dei kan klare å kome opp i 25 % i 2023. 

Kongehuset har i motsetnad til dei fleste statsorgan ikkje eit lovfesta krav om veksling mellom nynorsk og bokmål, men mållagsleiaren er glad for at dei likevel står fram som eit språkleg førebilete:

– Tekstane frå Slottet er viktige for mange nordmenn. Nordmenn er gutar og jenter som skriv bokmål, og gutar og jenter som skriv nynorsk. Nordmenn er både dere og dykk, slår Peder Lofnes Hauge fast.