aktuelt

Nynorsk er viktigare enn meir privatøkonomi, FrP!

I FrP si «Kven skal ut-oppgåve» er svaret alltid nynorsk.

Framstegspartiet, som på målingane er landets tredje største parti, har gira opp nynorskmotstanden sin. I to valkampar på rad har ungdomsorganisasjonen FpU gjennomført ein omfattande Fuck Nynorsk-kampanje. No krev partileiar Sylvi Listhaug at FrP får utdanningsministeren for å la elevane velje vekk sidemålet. Dette brukte ho tid på og lova landsmøtet sitt i vår.

Det er eit velkjend FrP-standpunkt, men no meiner dei det sterkare enn før. Denne gongen skal nynorsken ut av skulen for å gjere plass til privatøkonomi som eige fag. Andre gonger skal sidemål vekk for å gjere elevane betre i hovudmål. Då skal tida framleis brukast på norskfaget. Ingen skal skulde FrP for ikkje å vere kreative i alle fall. Men dei bør bestemme seg.

For det første: Elevane lærer om personleg økonomi i dag, med dagens læreplanar. Dei lærer om både løn, skatt, budsjett, sparing, lån, renter og forbruk. Kompetansemåla er tydelege om personleg økonomi og korleis ein skal bruke denne kunnskapen i praksis. I tiande klasse dekkjer om lag ein tredjedel av matematikkbøkene tema knytte til økonomi.

For det andre: At elevane brått skal bli ekspertar på personleg økonomi om ein berre brukar tida på det heller enn sidemål, bygger på ein premiss om at vi brukar veldig mykje tid på sidemålsopplæring i dag. Det stemmer ikkje. Tvert om burde vi bruke meir tid på sidemålsopplæring, særleg for elevane med nynorsk som sidemål. Det er viktigare enn at elevane skal lære endå meir om personleg økonomi.

Norske elevar møter svært lite nynorsk i (skule)kvardagen. Vi er omringa av bokmålet på alle kantar, og innlæringa av dette språket får vi meir eller mindre gratis.

Noregs Mållag er uroa for sidemålsordninga. Høgre vil fjerne eigen karakter og eksamen i skriftleg sidemål. FrP vil la elevane velje vekk opplæringa. Dette er å skrote den viktige ordninga slik vi kjenner ho. Difor har vi sett i gang kampanjen Nynorsk i skulen – for alle. Framstegspartiet trur valfridom handlar om å kunne velje vekk viktig kunnskap i skulen. Vi veit betre. Ekte valfridom krev tospråkleg opplæring. Berre når elevane lærer både nynorsk og bokmål, kan dei fritt velje kva språk dei vil bruke resten av livet. 

Heller enn å svekkje sidemålsordninga bør vi gjere ho betre. Elevane må få systematisk opplæring tidlegare, frå lærarar som kjenner seg trygge til å drive opplæring i og på nynorsk. Slik kan elevar i heile Noreg få tilgang på heile den norske språkskatten.

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag