aktuelt

Nynorsk er Vy-norsk!

Synnøve Marie Sætre, nestleiar i Noregs Mållag. Foto: Dina Rygg Eide

– Nynorsk kan brukast overalt til alt, og då er det sjølvsagt heilt rett at det er nynorsk på nettsidene til Vy, seier Synnøve Marie Sætre, fungerande leiar i Noregs Mållag.

Særleg stas er det å sjå at ein stor og viktig aktør som når ut til mange, tek i bruk begge dei norske skriftspråka, seier Synnøve Marie Sætre, fungerande leiar i Noregs Mållag.

«Kvar vil du reise», spør Vy og har nettartikkel om gode reisetips for noregsferien i år. No kan du velje nynorsk som språkval på Vys nettside, og store delar av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk.

– Mange av passasjerane våre brukar nynorsk i kvardagen. Me ynskjer å gjere det enkelt å reise miljøvennleg, og enkelt å bruke våre kanalar. Me er glade for at me no kan tilby nynorsk nettside, seier Merete Møystad, marknadsdirektør i Vy.

– Me tykkjer det er veldig bra at Vy har teke i bruk nynorsk på nettsidene. Dette er eit godt døme på at det går an å gje tilbod både på nynorsk og bokmål, seier Synnøve Marie Sætre.

Noregs Mållag vil i framtida gjerne ha endå meir nynorsk i all informasjon frå Vy.