aktuelt

Nynorsk for vaksne innvandrarar

Foto: Kristianne Marøy

Vaksne innvandrarar har ikkje same rett til læremiddel på nynorsk som elevar i grunnopplæringa har. Difor kjem svært mykje av opplæringsmateriellet for denne gruppa berre på bokmål. Det er ni år sidan førre gong det vart løyvd midlar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar over statsbudsjettet, og behovet for fleire digitale og trykte læremiddel, ordbøker og tilleggsmateriell på nynorsk er svært stort. 

Signalet frå dei som driv vaksenopplæring på nynorsk, er at mangelen på læremiddel på nynorsk gjer opplæringa svært krevjande. Etterslepet er stort, og med nye læreplanar på veg og med omlegging til modulbasert opplæring, vert behovet berre endå større.

Språk og inkludering heng tett saman. Det er ein stor fordel å lære språket som vert brukt der du bur, og mange stader er det å lære nynorsk i vaksenopplæringa også ein enklare inngang til det lokale talemålet. Forsking viser at innvandrarar som brukar det lokale språket, vert meir positivt mottekne både i lokalmiljøet og til dømes i jobbintervju.

Det er òg viktig at foreldre lærer det same språket som borna lærer i skulen. I dag er det berre kring halvparten av nynorskkommunane som gjev norskopplæring på nynorsk for vaksne innvandrarar, og læremiddelsituasjonen er den vanlegaste grunngjevinga for at mange nynorskkommunar ikkje gjer det. 

Ifylgje språklova har alle offentlege organ plikt til å særleg fremje nynorsk. Dette gjeld òg i integreringspolitikken. Skal kommunane som driv norskopplæring for vaksne innvandrarar på nynorsk kunne halde fram med det, og fleire nynorskkommunar ta til med det, må det løyvast midlar til nynorske læremiddel på alle nivå snarast.