aktuelt

Nynorsk i barnehagelærar-utdanninga

Landsmøtet til Noregs Mållag 1.-3. april, med styremedlem 2020–2022 Ellinor Bergli Bustad i fokus

Det skal vere ein samanheng mellom barnehage og barneskole.

Tidleg innsats i språkopplæringa styrkar språkutvikling, evne til å uttrykke seg sjølv og er med på å etablere ein felles identitet. I dag gir ikkje  barnehagelærarutdanninga studentane kompetanse og kunnskap om korleis dei skal førebu borna og foreldra deira på at borna skal bli nynorskelevar. Dette skaper ekstra pedagogiske og språkpolitiske utfordringar for lærarane, foreldra og kommunane

Landsmøtet i Noregs Mållag krev at departementet tek inn i rammeplanen for barnehagelærarutdanninga at utdanninga skal gjere barnehagelærarane til gode nynorskpedagogar, og såleis sikre ein god overgang frå barnehage til skole.  

Fråsegn vedteken på landsmøtet til Noregs Mållag 3. april 2022.