aktuelt

Nynorsk i biblioteket får eit løft med idehefte

Nynorsk kultursentrum, Nynorsksenteret og Noregs Mållag lanserer eit idehefte til folkebibliotek og skulebibliotek om korleis biblioteka kan formidle nynorske bøker.

– Det kjem ut mange gode nynorskbøker, men sidan nynorsk er eit mindre brukt språk enn bokmål, treng den nynorske litteraturen litt ekstra kjærleik, seier Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag. Ho driv skulebiblioteket på Bergen katedralskole.

Biblioteka er viktige for den norske litteraturen og for lesing både på nynorsk og bokmål.
– Dei kan fremje nynorsk språk og litteratur, og dermed gjere det lettare å vere nynorskbrukar. Då må biblioteka gje nynorsken ein ekstra dytt – eller ein dult om du vil – og ikkje berre likebehandle språka, seier prosjektleiar Fredrik Hope frå Nynorsk kultursentrum.

Både idehefte og nettside med nynorsktips
På nettsida til Nynorsksenteret er det laga ei eiga side om nynorsk i biblioteket.
– Vi har mange spennande samarbeid med ulike bibliotek, og gode idear frå desse biblioteka deler vi på nettsida. Vi tek gjerne imot fleire tiltak og innspel som vi kan dele vidare, seier høgskulelektor Arild Torvund Olsen ved Nynorsksenteret.

Les meir om nynorsk på biblioteket hjå Nynorsksenteret.  

Ting gratis bibliotekshefte: https://www.nm.no/vare/korleis-formidle-nynorsk-i-biblioteket/