aktuelt

Nynorsken sigra i Dovre!

I kommunestyremøtet 17. februar vart det fleirtal for at nynorsk skal vere opplæringsspråket i Dovre kommune. Røystetalet vart 10 for nynorsk og 7 for bokmål.

Diskusjonen om opplæringsspråket i Dovre kommune starta hausten 2024. Då fekk formannskapet og kommunestyret ei sak om å fastsetje forskrift for opplæringsspråk på Dovre barne- og ungdomsskule.

Det vart eit politisk ordskifte lokalt der nokre tok til ordet for å skifte til bokmål som opplæringsspråk. Både foreldre og ungdomar peika på at Dovre kommune burde halde på nynorsk som har vore opplæringsspråk i kommunen i nær hundre år.

– Val av språk i skulen er, og skal vere, ei lokal avgjerd. Samstundes har vi også eit felles ansvar for å stø opp om nynorsken. Difor har ei lokal sak om skulespråk nasjonal interesse. Saman styrkjer vi nynorsken i Dovre og i Noreg, skreiv Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, i eit debattinnlegg i Vigga.

Kommunestyret utsette saka frå november til februar. Grunngjevinga for utsettinga var  ynskte om eit betre saksgrunnlag og at saka også vart lagt fram i Oppvekst-, kultur- og omsorgsutvalet i februar.

I februar gjekk Peder Lofnes Hauge saman med Helen Johannesen, leiar i Austmannalaget og Hans Enstad, leiar i Dovre- og Lesja Dialekt- og Mållag saman om eit debattinnlegg med tittelen: Nynorsk + Dovre = sant .

Nynorsk er framtida

– Sentralisering tyner bygdene våre, skreiv Ann-Birgitt Skomakerstuen, Atle Talleraas, Guri Sørumgård Botheim, Jakop Vorkinn og Knut Aastad Bråten i debattinnlegg i lokalavisa Vigga.
– At vi har mista den vidaregåande skulen på Dombås gjer bygda fattigare. Om vi nå eigenhendig òg skal kvitte oss med nynorsk som hovudmål, blir vi enda fattigare.

Dei peika vidare på at: – Vi bur ikkje i Lesja og Dovre for å få det same som vi kan få i byen. Vi bur her fordi det gjev oss noko anna.
– Vi lever i eit samfunn som flaumar over av informasjon. Kunstig intelligens er i ferd med å gjeva oss eit enda større tekstvolum og dessutan dårlegare formulerte og mindre kjeldekritiske tekstar. Vi spår dette: Dialektnær nynorsk vil i åra som kjem bli ein enda sterkare indikasjon på kvalitet og menneskeleg tankekraft.

Og måndag 17. februar var det klart. Kommunestyret vedtok framleis nynorsk i skulen i Dovre.

– Dette er svært gledeleg vedtak. No blir oppgåva vår å tryggje og styrke nynorsken i kommunane våre, seier Hans Enstad, leiar i Dovre- og Lesja Dialekt- og Mållag.