aktuelt

Nynorsk litteraturpris til Jon Fosse

Jon Fosse vert tildelt Nynorsk litteraturpris 2019 for boka Det andre namnet, første del av Septologien.

Prisen vart delt ut av Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, i hagen utanfor Grotten, heimen der Jon Fosse bur.
– Nynorsken har vore som ein heim for meg i eit omskifteleg liv, sa Jon Fosse, då han fekk prisen. Det er tredje gong Jon Fosse får denne prisen.

Nynorsk litteraturpris er på 30 000 kroner, og han har vorte delt ut sidan 1982. Det er Noregs Mållag, Det Norske Teatret og Samlaget som står bak prisen, og det er tredje gong Jon Fosse får denne prisen.

Juryen skriv dette i grunngjevinga: «Vinnarromanen er dei to første bolkane av eit storverk. På mange måtar er denne boka typisk for forfattaren, og samstundes vitnar ho etter juryens meining om fornying. Ein kjenner att skrivemåten, stilen, det suggererande og repeterande, det tilhogde språket. Men teksten er lengre enn vanleg for forfattaren. Det gjer noko med forteljinga. Her lar han over fem hundre sider gå utan at det vert sett punktum. Det gjer ikkje boka mindre leseleg. Forfattaren hjelper til med både lineskift, avsnitt og store bokstavar. Men fråværet av punktum gjev teksten ein eigen rytme, ein eigen intensitet, ei eiga tidskjensle.

Det er ikkje mange menneske med i denne romanen. Også byen er nesten tom for folk. Mest av alt liknar romanen ein monolog, ein stream of consciousness, broten opp av samtalar med nokre få menneske. Ein kunne seie at forfattaren nyttar erfaringa si frå sitt dramatiske forfattarskap. Og slik fornyar han også romanskrivinga si.

Vi følgjer hovudpersonen, Asle, i eit drygt døgn. Frå han står og ser på eit nymåla bilete i huset sitt i Dylgja, før han drar til byen til Bjørgvin og så attende til Dylgja, nord for byen. Til desse to stadene har forfattaren teke oss med før. I Andvake-trilogien er vi på dei same plassane i mellomalderen eller noko seinare, då gjekk dei, eller dei segla med båt. No køyrer Asle bil langs svingete og smale vestlandsvegar i snø-ver i moderne tid. Det snør unormalt i vintermørkret. Konturane vert viska vekk, det er vanskeleg å sjå. Og anten Asle sit i bilen, eller ligg i senga på Heimen i Bjørgvin eller går seg vill i snø-veret i byen, får vi del i tankane hans, om målarkunst, om kjærleiken til den avlidne kona, Alida, om Gud, om barndomen, om venen som også heiter Asle, og også er kunstmålar, men som bur i Bjørgvin og som drikk tett og tenkjer på å gå på sjøen, men ikkje gjer det fordi han ikkje maktar det. 

Asle har sjølv drukke, for mange år sidan. Han greidde å slutte. Han fekk det til fordi Ales var der, og fordi han trefte Gud. Asle saknar Ales, men kan ikkje la vere å tenkje på henne, endå så vondt det gjer.

Venen Asle er på sett og vis han sjølv frå ei anna tid. Dei har kjent kvarandre alltid seier han når han drar attende til Bjørgvin for å sjå til han og finn han medvitslaus i ei snøfonn.

Forfattaren manipulerer med tid og stad, og Asle er og ikkje er Asle på same tid, og minne og notid går over i kvarandre.  På eit anna tidspunkt i romanen står bilførar Asle og ser på Asle og Ales som elskar i ei sandkasse ved eit aude hus dei eingong har budd i. Dei anar også han. For slik er det i forfattarens univers, tidene lever ved sida av kvarandre, husa og landskapa står der og menneska kjem og døyr, men er der sjølv når dei ikkje finst. Slik fordoblar personane seg, og namna blandar seg, og det er useieleg lett å gå seg vill. Alt gjentek seg, og det er ikkje berre eit formalt grep. Det er ein stil, det er tematisk, det heng saman med ein teologi som du finn att hos denne forfattaren heilt sidan  Draum om hausten i 1997, eit skodespel der forfattaren Jon Fosse for alvor bryt med tidas einskap, og lar tidene gli over i einannan. Dei døde og dei levande finst i landskapet dei har levd i og forma.

Fosse lar oss møte folk i denne boka som heiter det same som folk i mellomalderen, på Dylgja og i Bjørgvin. I det same landskapet står dei overfor dei same store spørsmåla, kven dei er, kva meininga er, kjærleiken, Gud. Kunsten. Ja for dette handlar om kunsten og Gud og sanninga og kjærleiken, og på mystisk vis er dei eitt. Det handlar om å sjå det lysande mørkret. Vinnar av Nynorsk litteraturpris for 2019 er Det andre namnet, første del av Septologien av Jon Fosse.»

Juryen har vore: Carl Morten Amundsen, Marta Norheim og Heming Helland Gujord.