Nynorsk litteraturpris til Leander Djønne
Leander Djønne får Nynorsk litteraturpris 2025 for boka Alt et, gjeven ut på Forlaget Oktober.
Prisen er på 50 000 kroner og vert delt ut ved opninga av landsmøtet i Noregs Mållag fredag 24. april på Gardermoen.
– Å lese årets vinnarroman er som å sjå ei ulukke utspele seg line for line på papiret. Det er ikkje mogeleg å ta augo vekk eller late dei att, skriv juryen i grunngjevinga.
Juryen har vore Magne Julin Vik-Mo, Siri Løkholm Ramberg og Elisabeth Jensen Lombnæs. Nynorsk litteraturpris har vorte delt ut sidan 1982, og det er Noregs Mållag, Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget som står bak prisen.
Grunngjevinga frå juryen:
Å lese årets vinnarroman er som å sjå ei ulukke utspele seg line for line på papiret. Det er ikkje mogeleg å ta augo vekk eller late dei att. Der ein gys og gispar etter luft. Og det er språket som ber deg vidare, dreg deg med inn i elendet. Alt et er eit høgdepunkt trass i at den nynorske romanen står sterkare enn på lang tid.
Leander Djønne har på kort tid vunne feste med ein klår identitet i det nynorske språket. Han syner oss korleis det er mogeleg å skrive nyskapande litteratur ved å ta i bruk delar av nynorsken me ikkje ser så ofte i det kvardagslege. Det er knapt og det er malmfullt. Han nyttar det tidlause og det lyriske for å halde tilbake og dermed skape tolkingsrom i teksten.
Djønne er uredd når han utforskar vondskapen og det dyriske i oss. Han stoler både på seg sjølv og lesaren sin. Ved å bruke ein fleirklang i røystene skaper han ein mangfaldig tekst der blikket er vendt innover og utover samstundes. Fyndige formuleringar og det tidlause språket gjer at dette er litteratur som vert ståande støtt i den nynorske bokheimen. Det vert ei glede å fylgje med vidare på ein heilt unik forfattarskap.
Nynorsk litteraturpris 2025 går til Leander Djønne for romanen Alt et.
Juryen gratulerer!
***

Det var Kjersti Instefjord, redaktør i Forlaget Oktober, som tok imot prisen på vegne av Leander Djønne. Ho snakka på vegne av Forlaget Oktober og framførte helsing frå Leander Djønne:
Alt et er ein roman ingen andre enn Leander Djønne kunne ha skrive. Det same kan ein seie om debutromanen hans, Oskespiralen. Desse to romanane er litterære verk med ein helt særeigen originalitet og kraft. Stoffet, og måten han har elta stoffet sitt på, gir originaliteten; språket, gestaltningen av karakterane, tankekraften som finst der. Han skriv fram scener som etsar seg inn i lesaren, og som i alle fall denne lesaren, aldri vil gløyme.
Faren som fyller huset med stein i Oskespiralen, fordi det skal bli ein vikinggrav for han. Rind som blir kasta inn i bagasjerommet av Besten i Alt et, umulig å gløyme, ein kjenner det fysisk, og det er eit varsel om kva vi – eller ungane rettare sagt – er på veg inn i: helvete på jord. Alt et har blitt kalla mørk, grusom. Vi har det forferdelege og bestialske rundt oss på alle kantar, men for mange av oss er det heldigvis på god avstand, og ofte usynleg. Det er fordi Leander skriv så enormt godt og skapar litteratur som blir levande for lesaren, at det blir ei fysisk leseoppleving; vi får tilgang til det vi elles stenger ute. Kritikarar har kalt det «mesterlig», «forrykende», «fascinerende».
Det er sjeldan vi ser forfattarskap som så sterkt og tydeleg, frå aller første bok, plasserer seg blant dei store forfattarskapane i vår tid. Ein særeigen kraft, seier eg, unik forfattarskap, seier juryen. Særeige og unikt – og samtidig er romanene sterkt forbundne med ei rekke andre tidlegare litterære verk, både dikt og romanar, folkeforteljingar og bibelhistorier. Dei aller største forfattarane strekker seg ofte mot det ypperste som alt er skapt – dei plasserer seg i tradisjonen – og mange av dei forfattarane Leander Djønne held høgast, er forfattarar som skriv på nynorsk. Det nynorske språket har vore avgjerande for hans litterære uttrykk. Derfor er denne prisen kanskje ekstra stas å få, både for prisvinnaren sjølv og for redaktøren hans og Forlaget Oktober. Vi er utrolig stolte av og glade for at vi er Leander Djønnes forlag.
No skal eg over til det eg er kommen hit for: å lese Leander Djønnes takketale!
Kjære alle saman.
Å ta imot Nynorsk litteraturpris er ikkje berre ei personleg anerkjenning for meg; det er og å bli skriven inn i ei stolt rekkje av kompromisslause forfattarar.
Når eg ser på lista over tidlegare mottakarar med namn som Jon Fosse, Gunnhild Øyehaug, Kjartan Fløgstad – ser eg ikkje berre store forfattarskap. Eg ser litteratur som er særeigen, nyskapande, aldri straumlinjeforma, litteratur som brukar nynorsken til å bore djupt i det eksistensielle i menneskeliva.
Prisen er viktig fordi han lyfter fram eit språk som må kjempe for plassen sin. Eit språk som betre enn noko anna, teiknar opp dei fysiske og psykologiske landskapa eg freistar å syna fram i kunsten og litteraturen min.
Eg vaks opp i Odda Kommune i indre Hardanger som tidlegare hadde ein tospråkleg skuleprofil. Eg vaks opp med bokmål som mitt første skriftspråk. Seinare i livet, samstundes med at eg fullførte kunststudia tidleg på 2000-talet, fann eg meg meir heime i det nynorske skriftspråket. Nynorsk pressa seg fram som naudsynt for språkleg og kunstnarisk utvikling, samstundes vart det lyrisk frigjerande.
For meg er ikkje berre nynorsk eit motstandsspråk som nektar å late sentrum definere periferien. Språket har vorte ein reiskap for å klare å sjå kva orda tyder, kva som ligg bakanfor orda, korleis orda, språket og kulturen er samanvevd. Eg tek imot prisen med ei stolt kjensle av ansvar for å vidareføra språket.
Eg ynskjer å takke redaktøren min Kjersti Instefjord og Forlaget Oktober for å hatt trua på skrivinga mi. Og ikkje minst språkvaskaren Åsmund Forfang for hans arbeid.
Takk til juryen. Takk til alle lesarane som gjev litteraturen liv.