aktuelt

Nynorsk må inn att i kommuneproposisjonen

– For å oppfylle ordlyden i den nye språklova om å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket, må kommuneproposisjonen få attende kapittelet «Bruken av nynorsk i kommunane», sa Synnøve Marie Sætre, nestleiar i Mållaget, i høyringa for kommunalproposisjonen 2023.

Ho peika også på at føremålet for den nye språklova gjeld for både kommunane og fylkeskommunane, og dei har no eit særleg ansvar for å fremje nynorsk. Det må kommunal- og moderniseringsdepartementet følgje opp.

Dette er dei samla innspela frå Noregs Mållag til kommuneproposisjonen 2023.

Nynorsk må attende i kommuneproposisjonen
For å oppfylle ordlyden i den nye språklova om å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket, må kommuneproposisjonen få attende kapittelet «Bruken av nynorsk i kommunane», som var eit fast kapittel i kvar proposisjon fram til 2014. At dette kapittelet er vekke, er openbert eit tilbakesteg. Kommunane og fylkeskommunane er mellom dei aller viktigaste for å nå det overordna målet om å sikre det norske språket sin posisjon som eit fullverdig og samfunnsberande språk i Noreg, noko som også eksplisitt er formulert i kommuneproposisjonen frå 2012.

Departementet må følgje språklova
Føremålet for den nye språklova gjeld for både kommunane og fylkeskommunane, og dei har no eit særleg ansvar for å fremje nynorsk. Her må Kommunal- og moderniseringsdepartementet ta eit særleg ansvar for å følgje opp lova. Dei må skrive inn desse særlege forventingane om å fremje nynorsk til sine underliggjande etatar og i rettleiinga si til kommunane.

Den nye språklova legg eit endå tyngre ansvar på det offentlege til å fremje nynorsk, og å særskild vurdere situasjonen for nynorsk som mindretalsspråk spesielt – til dømes i politikkutvikling eller regelverkspraktisering som gjeld norsk språk. I proposisjonen vil me særleg trekkje fram det omfattande digitaliseringsarbeidet av kommunal- og fylkeskommunal sektor, som er omtala i proposisjonen.

Innkjøpt teknologi legg i mange tilfelle føringar for kva slags språk som skal bli nytta av brukarane. Krav til språkleg tilgang og kvalitet må bli tatt inn i regelverket for offentlege innkjøp. Særskilt må offentleg innkjøpspolitikk slå fast at Noreg har to offisielle norske skriftspråk, bokmål og nynorsk.

På side 30 i proposisjonen er nye heildigitale tenester for handsaming av byggesaker omtala, og her vert det peika på at fleire kommunar, mellom andre nynorskkommunen Skjåk, brukar handlingsrommet i eForvaltningsforskrifta til å innføre digitalt eineval lokalt for profesjonelle søkjarar.

Går ein inn på Skjåk sine heimesider for å sende ein byggesøknad, vert ein automatisk vidaresend fyrst til Direktoratet for byggkvalitet, og vidare til eByggsøk. Ikkje eit ord på desse sidene er på noko anna enn bokmål. Det syner at dette er eit felt der omsynet til norsk språkpolitikken er heilt fråverande.

Det er viktig at departementet tek eit særleg språkpolitisk ansvar i det omfattande digitaliseringsarbeidet som er omtala i proposisjonen. Framtida til både norsk og til nynorsk, samisk og dei nasjonale minoritetsspråka avheng av viljen til å prioritere språkpolitikken i digitaliseringsarbeidet.