aktuelt

Nynorsk må med i digitaliseringsplanen, Tonje Brenna!

Synnøve Marie Sætre

Kunnskapsminister Tonje Brenna har kunngjort at ho vil utarbeide ein digitaliseringsplan for skulen. Noregs Mållag meiner dette er eit viktig og godt tiltak og minner om at språkperspektivet må med.  

– Det digitale frisleppet i skulen er ein katastrofe for nynorskelevane, og ein  digitaliseringsplan for skulen må gjere noko med dette, seier Synnøve Marie Sætre, fungerande leiar i Noregs Mållag.

I ein stadig meir digital skulekvardag fløymer nynorske klasserom over av læremiddel, læringsressursar og læringsverktøy som ikkje finst på nynorsk. 

– Det gjer at nynorskelevane får ei dårlegare opplæring enn bokmålselevane, og retten deira til opplæring på eige språk vert ikkje teken på alvor, seier Synnøve Marie Sætre.

– Me kan ikkje finne oss i at digitaliseringa i skulen går utover kvaliteten på opplæringa til nynorskelevane. Det må kunnskapsministeren ta på høgste alvor, og ho må nytte dette høvet til å gje dei den opplæringa dei har krav på, seier Synnøve Marie Sætre. 

Ho meiner det er ein god start å stille krav til læremiddelprodusentane og å lage eit kvalitetssikra oversyn over lovlege læremiddel. Det gjer det lettare for kommunane som skuleeigar å gje elevane læremiddel som faktisk finst på nynorsk.