aktuelt

Nynorsk næringslivspris 2021 til Wattn AS

Nynorsk næringslivspris 2021 vert tildelt Wattn AS.

Nynorsk næringslivspris er ein nasjonal pris stifta av Noregs Mållag. Han vart fyrste gong delt ut i 2006. Føremålet med prisen er å fremja innsats for og bruk av nynorsk i næringsverksemd. 

Juryen i Noregs Mållag er svært glade for å kunne dele ut Nynorsk næringslivspris til Wattn AS. Dei har frå starten vore tydelege på at identiteten til nynorsken skal vere sterk. Det speglar namnet på selskapet, som kombinerer vatn og watt i namnet. Noko som er med på å stadfeste identitet til kjerneområdet, men og syner ambisjonar nasjonalt. På selskapets heimesider og applikasjonar kan ein sjølv velje mellom bokmål og nynorsk, og pressemeldingar frå selskapet går ut på nynorsk.

Noregs Mållag oppmoda Wattn tidleg om å nytte nynorsk og ta med seg den inn i den nye framtida, og dei har teke oppmodinga alvorleg. Dette synest juryen er svært gledeleg.

Wattn AS er ein nyskaping i energibransjen, og er eit samarbeidsselskap mellom Tafjord, Tussa, Sognekraft og Sogn og Fjordane Energi. Til saman har desse over 100.000 energikundar.

Wattn er nok mest kjend for å vere ein straumleverandør, medan eigarane er straumprodusentar av fornybar vasskraft. Berekraft og det å vere på lag med jorda er viktige verdiar til selskapet som er «Positivt lada. Alltid». No òg som nynorsk nasjonalt kraftselskap som tek vare på den viktige identiteten nynorsken er.  

Juryen håpar at andre næringar merkar seg den framoverlente haldninga og filosofien til nynorsken. Håpet er at fleire held fast på nynorsken, og nyttar den til sin fordel i næring- og marknadsføringa. Stortinget har vedteke gjennom språklova at nynorsken treng særleg vern, og juryen håpar at også næringslivet tek den oppfordringa og legg til rette for god kommunikasjon og tenester til kundane sine som nyttar nynorsk.

Juryen i Noregs Mållag håpar at prisen er til inspirasjon for Wattn AS og dei tilsette, og gir kraft til også å nytte nynorsk i det vidare arbeidet. Det trur vi vil løne seg.

Juryen: Anders Riise, leiar. Marianne Granheim Trøyflat, Kristofer Olai Ravn Stavseng
og Øystein Skjæveland.