aktuelt

Nynorsk næringslivspris går til Optima pH

Dagleg leiar av Optima pH Ingunn Bjørke og juryleiar Anders Riise.

Noregs Mållag gjev nynorsk næringslivspris 2022 til Optima pH.

– Dei får prisen fordi dei har ein imponerande heilskapleg språkprofil, som gjennomgåande held den høgaste språklege kvalitet, seier Anders Riise, juryleiar og styremedlem i Noregs Mållag. 

Nynorsk næringslivspris er ein nasjonal pris. Han vart fyrste gong delt ut i 2006. Føremålet med prisen er å fremja innsats for og bruk av nynorsk i næringsverksemd. Årets pris vart delt ut på haustseminaret til Noregs Mållag i Oslo. 

Juryen merkar seg at Optima pH nyttar det same gode språket i alle flater dei er synlege. Det gjeld både på heimesida, Facebook, Instagram og på sjølve produkta dei sel.
– Ikkje minst merkar juryen seg måten firmaet marknadsfører seg på, som i tillegg til godt språk er prega av god informasjon, humor og originalitet. At alt dette blir formidla på nynorsk, er svært gledeleg å sjå, seier Anders Riise. 

Opphavet til det familieeigde firmaet går tilbake til 1987, då veterinær Magne Skjervheim gjorde forsøk med å tilsetja maursyre i fôr til gris. I dag tilbyr Optima pH eit breitt utval produkt til både folk, dyr og til reinhald.

– Økologi er ein hjørnestein for firmaet, og dei held fram økologi som samanhengen mellom levande organismar og miljøet. Litt som samanhengen mellom nynorsk og dialektane. Begge delar har vist seg å gje gode resultat, seier Anders Riise. 

Juryen håpar at andre leverandørar til landbruket, og andre næringar, merkar seg fordelane ved å nytta nynorsk i marknadsføringa. Mange verksemder speler på lokal tilknyting, identitet og kultur. 

– Vi trur at å bruka det språket som best uttrykkjer den kulturen ein vil knyta identiteten sin til, er det som gjev det beste resultatet. I vår tid er det å vera unik ein viktig verdi, og her gjev nynorsken eit klart konkurransefortrinn. Det er marknadsføringa til Optima pH eit klart prov på, seier Anders Riise.