Nynorsk og bokmål må inn i Grunnlova
210 år etter at Noreg fekk si eiga grunnlov er det framleis ikkje grunnlovsfesta at norsk skal vere det samfunnsberande språket i Noreg. Dette er det på tide å gjere noko med.
For Noregs Mållag er det viktig at jamstillinga mellom nynorsk og bokmål blir sikra i Noregs viktigaste lov Grunnlova.
I ei globalisert verd treng norsk språk eit sterkare vern enn tidlegare. Det er mange land som ser dette. Ifølgje databasen Constitute finst det 148 land i verda med grunnlover som inneheld føresegner om nasjonalspråk. 97 land som har grunnlover med føresegner som på ulike vis vernar språkbruk.
Dei siste åra har Stortinget gjort mykje for å oppdatere Grunnlova, med mellom anna ei rekkje menneskerettslege føresegner. Det er i dag meir vanleg at statar omtalar språk i grunnlovene enn at dei ikkje gjer det. Ei grunnlovsfesting av statusen til norsk språk,medrekna jamstillinga mellom nynorsk og bokmål, vil vere ei modernisering av Grunnlova.
I den nye språklova, som tok til å gjelde i 2022, vedtok Stortinget at norsk skal sikrast som eit samfunnsberande språk, at jamstilling mellom nynorsk og bokmål skal fremjast, og at offentlege organ i Noreg har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk i kraft av å vere det minst brukte norske skriftspråket.
Denne språkpolitikken byggjer vidare på det historiske vedtaket Stortinget gjorde 12. mai 1885, der det gjekk inn for å jamstille «det norske Folkesprog» og «det almindelige Skrift- og Bogsprog», det som seinare vart nynorsk og bokmål.I 2024 kan vi feire runde jubileum for to viktige nynorskvedtak i nyare tid. For 50 år sidan, i 1974, vedtok Stortinget at lærebøker til bruk i skulen skulle kome til same tid og same pris. Dette vedtaket var avgjerande viktig for å sikre elevar retten til likeverdig opplæring i alle fag på nynorsk. For 10 år sidan, i 2014, vedtok Stortinget at Grunnlova skulle finnast i to jamstilte versjonar, ein på nynorsk og ein på bokmål. At det mest grunnleggjande dokumentet for staten Noreg då kom på nynorsk, var ein stor siger for nynorsken.Noregs Mållag oppmodar stortingspolitikarar – frå alle parti – som er samde med oss i at Grunnlova må få ei føresegn som seier noko om statusen til norsk språk, medrekna jamstillinga mellom nynorsk og bokmål, om å vere med å levere eit slikt framlegg til endring av Grunnlova i år.