aktuelt

Nynorsk på tavla i Bergen? Lat stå!

Når nynorskfylket Vestland no må definere arbeidsspråket til lærarane sine, bør dei sikre at elevane får møte meir nynorsk.

Den nye opplæringslova slår fast at fylkeskommunane skal ha eit definert hovudmål. Det vil seie enten bokmål eller nynorsk som undervisningsspråk. 

Noregs Mållag meinte at dagens ordning var betre; at lærarane sjølv valde fritt. Difor åtvara vi mot dette. Dessverre vart vi ikkje lytta til av regjering og Storting.

Vestland fylkeskommune har laga to framlegg som er lagt ut på høyring:

1. Alle skulane i fylket får nynorsk. 

2. Skulane i nynorskkommunane får nynorsk, medan skulane i dei to språknøytrale får bokmål.

Når Vestland fylke no skal velje, meiner vi openbert at det er naturleg at eit nynorskfylke vel nynorsk som hovudmål for dei vidaregåande skulane sine, også dei som ligg i Bergen. Det er ikkje eit mindretalsdiktatur, slik nokon har hevda. Elevane skal, som i dag, sjølv velje eige hovudmål som dei skriv og som dei les i læremiddel dei har tilgang til.

Nynorskelevar kan fritt byrje på vidaregåande i Bergen og er avhengige av å møte språket sitt for å bli trygge i å skrive nynorsk og trygge i å bruke nynorsk. Elevane treng også dei tre åra i vidaregåande skule for å bli gode nynorskbrukarar. 

Bokmålselevane derimot, som har nynorsk som sidemål, har godt av å sjå og møte meir nynorsk i svært bokmålsdominerte skulekvardagar. Alle elevar skal lære og meistre begge språka.

Mange hevdar nynorsk er vanskeleg å lære, men dei fleste er samde om at dess meir du les språket dess betre er det. Nynorsk som undervisningsspråk vil bidra til at elevane blir eksponerte for meir nynorsk, og vil hjelpe på språkinnlæringa. 

Alle lærarar som arbeider i den vidaregåande skulen, skal kunne drive opplæring på både bokmål og nynorsk. Dette klarer dei fint. Og det er ingenting unikt med at arbeidsgjevar har eit definert arbeidsspråk for sine tilsette. Det er også det Stortinget ber fylkeskommunane om å gjere. 

Opplæringspolitikken må byggje på prinsippa i den offisielle språkpolitikken. Språklova slår fast at alle offentlege organ har ei plikt til aktivt å fremje nynorsk, som det minst brukte av dei to offisielle norske skriftspråka. 

Val av hovudmål for skulane i Vestland er eit døme der ein bør favorisere nynorsken om ein skal lukkast med dette. Det vil alle tene på.