Nynorsk teaterjubel i raudgrøn budsjettsemje!
– Alle som er glade i nynorsk scenekunst, kan sende ein varm tanke og ei hjarteleg takk til Audun Lysbakken og SV.
Det seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. I budsjettsemja mellom SV og regjeringspartia Ap og Sp ligg det inne 3,5 millionar kroner til Det Vestnorske Teateret og 2 millionar til Teater Vestland.
– Nynorsk er det vesle språket for den store scenekunsten, og det ser SV. Desse millionane vil gje mykje nynorsk teatermagi på begge teatera i året som kjem, seier Peder Lofnes Hauge. Han omtalar Det Vestnorske Teateret som ein nynorsk maktdemonstrasjon på gateplan i Bergen sentrum, og gler seg over at teateret no kan ta i bruk ei ny scene og tilby fleire teateropplevingar.
Mållagsmillion
Dei 17 nasjonale nynorskorganisasjonane i Nynorsk forum har samla seg om ei auka løyving på 1 million kroner til Noregs Mållag som førsteprioritet på kulturbudsjettet. Det fekk ein ikkje gjennomslag for i denne omgang, men mållagsleiaren håpar dei raudgrøne kan finne rom til det når budsjettet skal handsamast i kulturkomiteen.
– Det er ingen ting som gjev meir nynorsk for pengane enn ei auka løyving til Noregs Mållag. Vi opplever ein enorm medlemsvekst og treng meir ressursar, mellom anna for å følgje opp den nye språklova ute i kommune-Noreg, seier Peder Lofnes Hauge.
Store forventingar til neste runde
Lofnes Hauge meiner denne budsjettavtalen viser at det raudgrøne Stortingsfleirtalet er nynorskvenleg. Likevel ventar han større satsingar når regjeringa tek fatt på neste ordinære budsjettprosess.
– Særleg nynorskelevane i klasseromma fortener at styresmaktene prioriterer dei, også i løyvingar over statsbudsjettet. Desse elevane får ikkje ei lese- og skriveopplæring som er likeverdig den bokmålselevane får, og det må regjeringa rette opp i. Når regjeringa no tek fatt på budsjettet for 2024, må dei sikre retten til å gå i eigne nynorskklassar på ungdomsskulen og digitale læremiddel på nynorsk.