aktuelt

Nynorsk teaterlys i SV-budsjettet

Audun Lysbakken, partileiar i SV og Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Fredag morgon la SV fram sitt alternative statsbudsjett med lysglimt for den nynorske scenekunsten.

– SV har gitt 3,5 millionar til Det Vestnorske Teateret og 2 millionar til Teater Vestland, akkurat som vi bad om. Det lovar godt for dei nynorske teaterscenene også i 2023, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. 

Då regjeringa la fram sitt framlegg til budsjett tidlegare i haust, var det utan ekstra millionar til dei nynorske teatera på Vestlandet. I budsjettet SV no legg fram, er millionane inne, og drifta for dei to teatera er sikra for neste år. 

– Det Vestnorske Teateret er ein nynorsk maktdemonstrasjon på gateplan i Bergen sentrum. Nynorsken og den nynorske scenekunsten breier seg i byen og tar den plassen han fortener. Plasseringa er symboltung, og i seg sjølv ei viktig språkpolitisk markering. Mållaget er svært nøgd med at SV vel å prioritere denne markeringa, seier Peder Lofnes Hauge.

På måndag set regjeringa og Sosialistisk Venstreparti seg ned for å forhandle statsbudsjettet. 

– SV går inn for nokre viktige tiltak. Vi ønskjer dei lykke til i forhandlingane og håpar nynorskmillionane får gjennomslag, avsluttar mållagsleiaren.