aktuelt

Nynorskdagar i Alver

Synnøve Marie Sætre, fungerande leiar i Noregs Mållag

Nynorskdagane i Alver er i gang etter ei strålande opning fredag, og i løpet av nynorskdagane kan publikum få med seg over 15 ulike tilskipingar.

– Det er eit utruleg imponerande prosjekt Alver kommune, Striabiblioteket og dei tre lokale mållaga Alversund Mållag, Meland Mållag og Radøy Mållag har teke på seg, seier Synnøve Marie Sætre, fungerande leiar i Noregs Mållag. I tillegg til avdeling for kulturutvikling, idrett og frivilligheit i Alver kommune er det dei som har vore programkomiteen.


– Me brukar å seie at nynorsken er for alle, og desse nynorskdagane frir nær sagt til alle, seier Synnøve Marie Sætre. Her er podkast med vidaregåande skule-elevane, kviss på ungdomsklubben, pubkveld, forfattarsamtalar på bibliotek, konsertar, stadnamnføredrag, stadnamnvandring og konsert, for å nemne noko. 

Nynorsken i kvardagen

– For at nynorskbrukarane skal bli trygge språkbrukarar, er det viktig å bli eksponerte for språket. Då betyr det svært mykje å få sjå nynorsken godt i bruk på ulike område i kvardagen, seier Synnøve Marie Sætre.


Det er ikkje tvil om at Alver kommune har eit viktig ansvar som nynorskkommune. Alver kommune har åleine nær 2900 nynorskelevar og er såleis ein av tre kommunar som har det høgste nynorskelevtalet i Noreg. 


– Det Alver kommune gjer for nynorsken, er viktig for nynorskbrukarane både lokalt og nasjonalt, seier Synnøve Marie Sætre.