aktuelt

Nynorskdagen 2023 – ein nynorsk festdag

Nynorskdagen er blitt ein fast merkedag for å feire nynorsken. 12. mai er dagen for det historiske jamstillingsvedtaket i 1885, då Stortinget vedtok å likestille nynorsk med bokmål.

Målet til Noregs Mållag og Norsk Målungdom er å få fleire til å prøve nynorsk. Nynorsk er eit nasjonalt språk for alle. Me utfordrar heile Noreg til å skrive nynorsk, og i år tok Noreg utfordringa! 

– Folk får sjå kor enkelt og ufarleg det er å skrive nynorsk, og folk får møte litt meir nynorsk i sine bokmålsdominerte kvardagar. Det er fantastisk!, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Røde Kors Noreg, Telenor, Rema 1000 og Vy var blant dei som brukte nynorsk, og som ikkje gjer det like ofte.

Om lag 40 av lokallaga våre stod på stand og delte ut flygeblad, bakte kake, verva medlemer eller gjorde andre kjekke ting.

Me fekk tilbakemeldingar frå medlemer som flagga, las dikt eller skreiv handlelista på nynorsk. Mange delte også oppmodinga vår med å understreke at for dei er alle 365 dagar i året ein nynorskdag.

Bibliotek og skular var flinke til å bruke dagen til ordleikar og å vise fram nynorsk litteratur. Det er flott å sjå at dagen kan bli brukt til å auke merksemda om språket i skulen.

Skriv opp datoen i kalenderen, for nynorskdagen er komen for å bli!