aktuelt

Nynorskdagen – ein ekte festdag!

Elevar og lærarar på Molde vgs feira nynorskdagen med muffins!

Noregs Mållag og Norsk Målungdom utfordrar kvart år alle i Noreg til å skrive nynorsk på nynorskdagen 12. mai. At me i år fekk med Vipps, gjorde at dagen fekk meir merksemd enn nokon gong.

– Dette er ein ekte festdag! At ein no kan bruke Vipps på nynorsk, betyr meir nynorsk til veldig, veldig mange, sa Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Lanseringa av Vipps på nynorsk fekk velfortent mykje positiv merksemd. Både nrk.no, VG, Dagbladet, Dagsavisen og Bergens Tidende laga gode saker, og saka vart også eigne nyhendeinnslag på Dagsnytt i NRK gjennom heile dagen og på Dagsrevyen om kvelden.

Mange markerte nynorskdagen i sosiale medium. Her kunne ein sjå at nokre reagerte på Vipps si marknadsføring om å “kvippse”.
– Noregs Mållag er glade for den store merksemda denne marknadsføringa gav, og støttar Vipps si avgjerd om å gå tilbake til å «vippse» frå no av, seier Peder Lofnes Hauge. 

12. mai 2024 er det 139 år sidan Stortinget gjorde vedtak om at nynorsk og bokmål er likestilte språk i Noreg. Difor markerer vi nynorskdagen. Og det var mange som vart med på feiringa i år. 

Skreiv artikkel på nynorsk
Journalist Kristoffer Solberg Refsnes fekk arbeid i bokmålsavisa Ifinnmark i haust. På nynorskdagen fekk han lov til å skrive artikkelen «Gratulerer med Nynorskdagen, Finnmark» på nynorsk. Der skriv han om at han og kjærasten hadde så lyst nordover til Vadsø at han måtte gå på eit smertefullt kompromiss med å skrive bokmål på jobb. Han nytta også høvet til å fortelje kvifor nynorsken også høyrer heime i Finnmark.

Artige stunt
Instagram-kontoen til Skolen.cappelendamm fekk vi sjå og høyre Are Kalvø fortelje korleis du skal seie «Hei, og gratulerer med nynorskdagen» på nynorsk. Og kanskje ikkje uventa, var det akkurat slik ein seier det på nynorsk!

Over 40 lokale mållag hadde tinga materialpakke, og delte ut nynorskmateriell over heile landet: Oslo Mållag stod på stand på Grünerløkka i bunad og delte ut is, og gratulerte folk med nynorskdagen. I Trondheim var det Studentmållaget i Nidaros som kledde seg i bunad og markerte nynorskdagen med stand på Dragvoll. Naumdøla Mållag hadde stand på sitt lokale senter, for å nemne nokre. 

Fleire lokallag skreiv debattinnlegg i høve dagen. Ingrid Kjønnøy, leiar i Nordmøre Mållag skreiv i Trollheimsporten og Sogndal Mållag hadde innlegg i Sogn Avis

Nynorskdagen er komen for å bli, så skriv han opp i kalenderen din!