Nynorskdagen vart ein suksess!
FOR EIN DAG! Nynorskdagen blei feira over heile landet!
Både kommunar, statsministeren, skular, barnehagar, bankar, handlesenter, lokale mållag, bibliotek, forlag, parti, statlege etatar, næringsliv og arbeidsliv deltok i feiringa.
Statsminister Jonas Gahr Støre gratulerte alle med nynorskdagen i ei eiga videohelsing. Og Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag var i eit godt møte med kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun, på sjølvaste nynorskdagen! Tema for møtet var opplæring og vurdering i den viktige sidemålsordninga.
Fleire kommunar heisa flagget. Både Luster, Valle, Masfjorden, Sveio, Fedje og Gloppen gjorde det. Gloppen hadde like gjerne ei markering med mange elevar og lærarar og appellar.
Du kan også sjå kulturministeren og Jon Fosse ynskja til lukke på Facebook.
Det var tog med korps i Oslo, Ruter gav informasjonen på buss, trikk og bane i heile Stor-Oslo på nynorsk, og mange lokallag nytta høve til å markere dagen. Sjå biletegalleriet.