aktuelt

Nynorskdagen

Saman fyller vi Noreg med nynorsk!

– Vi utfordrar alle i Noreg til å skrive nynorsk i dag. Nynorsk er for alle, og på nynorskdagen er det lov å prøve, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag og Frida Pernille Mikkelsen, leiar i Norsk Målungdom. 

12. mai i 1885 vedtok Stortinget å likestille nynorsk og bokmål. Vedtaket har sidan blitt kalla «jamstillingsvedtaket».
– Vi ynskjer at fleire skal ta steget og faktisk skrive nynorsk. At fleire får møte nynorsk, vil alle tene på, seier Frida Pernille Mikkelsen. 

Nynorskdagen er vår markering av Frivilligåret, og Målungdomen og Mållaget har sendt ut utfordringar om å skrive nynorsk denne dagen til både frivillige organisasjonar, privat næringsliv, ulike delar av kulturlivet og til departement, direktorat og fleire statlege verksemder.

– Vi vonar flest mogleg tek utfordringa, og at vi får sjå nynorsk frå alle kantar, seier Peder Lofnes Hauge. 

Sjå innlegg frå #nynorskdagen på Instagram og frå #nynorskdagen på Twitter.