Elevane i Bergen treng eit politisk taktskifte

Bystyret i Bergen har dei siste åra fatta fleire vedtak som skal styrkje nynorsken og nynorskbrukarane i skulen, kommunen og i det offentlege rommet. Syretesten kjem no. I åra som kjem, må ord bli til handling. Den nynorskvenlege vinden i Bergen må ikkje stilne.
På fyrstkomande bystyremøte i Bergen vil bystyre drøfte statusmeldinga for nynorsk i Bergen. Eitt av hovudmåla for bystyret er at det skal vere enkelt å velje nynorsk i Bergen, særleg i skulen.
Det må vere enkelt å velje nynorsk for barnet ditt når det byrjar på skulen. Det er det ikkje i dag, og dette arbeidet bør byrådet få fortgang i. Når foreldra til minst 10 elevar ynskjer det, skal skulane opprette språkdelte klassar. Nynorskelevar i Bergen må få ei like god lese- og skriveopplæring som bokmålselevane – i og på språket sitt.
Roger Valhammer (Ap) sitt byråd skriv sjølv i den politiske plattforma si at det «generelt skal legges til rette for parallellklasser i Bergen». Dei skriv vidare at «det skal gis fast tilbud om en nynorsk parallellklasse på en sentrumsskole». I statusmeldinga skriv byrådet lite om korleis dei har arbeidd med å gjere informasjon om retten til å velje nynorsk legg tilgjengeleg. Skulebyråd Endre Tvinnereim (Ap) bør i tida som kjem syte for at tilbodet blir marknadsført godt til foreldre, til skulane og til ålmenta.
Byråda i Bergen sidan 2015 har vist vilje til å satse på nynorsken. Denne politiske viljen er viktig i møte med kvardagen i sentraladministrasjonen og i leiinga ute på skulane. Byrådet i Bergen har lova ei ekstra satsing i Arna, der nynorsktradisjonen er lang, men språkskiftet stort. Her går språkblanda klassar utover lese- og skriveopplæringa til nynorskelevane. Det hastar, situasjonen i Arna er ikkje bra for nynorskelevane. Elevane i skulen får ikkje skuletida si igjen.
Neste haust er det om lag 3000 barn som skal starte på skulen i Bergen. Foreldra deira bør kjenne det slik at det er lett å velje nynorsk. Då må byrådet gjerne det lettare for skulane å leggje til rette for nynorskklassar.
Endre Tvinnereim bør byrje med å skaffe budsjettkroner til den faste parallellklassen i sentrum. Oppdraget frå bystyret er klokkeklart. Tempoet må opp. Nynorskelevar i Bergensskulen er ikkje andrerangselevar – dei må snarast få ein betre skulekvardag.