aktuelt

Nynorskelevane må sikrast digitale læremiddel på nynorsk

Kunnskapsminister Tonje Brenna og påtroppande leiar i Norsk Målungdom Tobias Christensen Eikeland på landsmøtet i Noregs Mållag 2022. Foto: Kristianne Marøy

Ei ny opplæringslov må vere klokkeklar i kravet til både norske læremiddelprodusentar og internasjonale selskap. For å bli brukt i norsk skule må produktet liggje føre på norsk, både på nynorsk og på bokmål til same pris og same tid.

Landsmøtet i Noregs Mållag bed kunnskapsministeren om å sikre nynorskelevane like god tilgang på digitale læremiddel, læringsverktøy og kontorstøtteprogram som bokmålselevane har. Den digitale kvardagen fyller klasseromma til nynorskelevane med bokmålslæremiddel, og gjev dei ei dårlegare lese- og skriveopplæring.

I dag er ansvaret for å handheve lova skuva over på tusenvis rektorar og titusenvis lærarar. Dette er ei statleg ansvarsfråskriving, og nynroskelevane betaler prisen. Staten lyt ta ansvar for å handheve opplæringslova.

For å sikre dette må

·   definisjonane av kva eit læremiddel er, femne breiare

·   digitale læremiddel kome til same tid og pris på nynorsk og bokmål

·   kontorstøtteprogram som blir brukt i skulen, liggje føre på både nynorsk og bokmål

·   eit statleg organ handheve lova

·   det opprettast eit statleg register med oversyn over kva læremiddel som er lovleg·   nye reformer og planar ikkje bli sette i verk før det er gått eit skuleår.

Fråsegn vedteken på landsmøtet til Noregs Mållag 3. april 2022.