Nynorskelevane treng gode lærarar
Lærarutdanningane skal utdanne lærarar for heile landet.
I dag møtte Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, Oddmund Hoel. Han er statsråd for høgare utdanning og forsking. Hovudoverskrifta for møtet var lærarutdanninga og nynorsk.
Dette er eit emne som også Oddmund Hoel er oppteken av. Han var leiar i Noregs Mållag tidleg på 2000-talet, og saksfeltet er framleis like aktuelt i dag.
– Mållaget stiller krav om at alle lærarstudentar, uavhengig av fag, må rustast til å vere lærar i nynorske klasserom, fortel Peder Lofnes Hauge, og dette var også ei viktig sak då Noregs Mållag var samla til landsmøte i april.
I november i fjor lanserte Språkrådet ein rapport om norsk, og særleg nynorsk, i lærarutdanningane. Rapporten slår fast at lærarstudentane utan norsk i fagkrinsen svært sjeldan får vurdert nynorskkompetansen sin i løpet av utdanninga.
– Vi har gjennom mange år peika på at utdanningsinstitusjonane må gje lærararstudentane ei betre opplæring i nynorsk, seier Peder Lofnes Hauge.
I møtet med Mållaget peika statsråd Oddmund Hoel på at det er slege fast at det skal undervisast i både nynorsk og bokmål i lærarutdanningane. Likevel kjem vi nok ikkje utanom at kvar utdanningsinstitusjon må følgjast opp.
Statsråd Oddmund Hoel og Mållaget deler situasjonsanalysen om at det er viktig å sikre nynorskkompetansen hjå lærarstudentane:
Det er teke til orde for å krevje at alle lærarinstitusjonar skal ha ein deleksamen på nynorsk, for å sikre undervisningsopplegg på nynorsk på alle insitusjonane. Departementet vil sjå på dette, men det følgjer ikkje linja om at institusjonane skal ha fridom til å bestemme sitt eige faglege opplegg.
– Det var eit godt møte. Vi fekk snakka godt om utfordringane for lærarutdanningane og vegen vidare, fortel Peder Lofnes Hauge.
– Det er bra at departementet blir styrt av nokon som forstår utfordringane for nynorsk.