aktuelt

Nynorskkommunane krev demokratisk kontroll over norsk språk

Stavekontrollane til dei store selskapa Google, Microsoft og Apple er så dårlege at dei hindrar elevar i å læra korrekt norsk, og slik undergrev dette den demokratiske kontrollen over språket. No må statsrådane for kunnskap og kultur gripa inn!

Dette er det klare og eintydige kravet i ein resolusjon som vart vedteken på landstinget for nynorskkommunane i Øygarden onsdag.

Ei fersk undersøking frå Språkrådet, som språkdirektør Åse Wetås gjekk gjennom for landstinget, viser at stavekontrollane i dei mest brukte skriveprogramma i Noreg ikkje held mål.

Leverer ikkje
I 2023 vedtok Stortinget ei ny opplæringslov som slår fast at skulane skal bruka skriveprogram som støttar både nynorsk og bokmål, og som følgjer offisiell rettskriving. Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) var svært nøgde, men peikar i resolusjonen på at ingen av dei tre store leverandørane av skriveprogram leverer etter krava i opplæringslova. Spesielt ille er det for alle elevar som skal læra seg nynorsk.

– Stavekontrollane fungerer så dårleg at dei er direkte skadelege for innlæringa av skriftspråket vårt. Elevar over heile Noreg opplever å få raude strekar under korrekt nynorsk, og ingen korrektur under det som er feil i skriveprogrammet til Google, heiter det.

Må ta kontroll
Den svært mangelfulle nynorskstøtta i skriveprogramma er eit så stort problem at LNK ber om at Kunnskapsdepartementet tar ansvar for å gjera noko med situasjonen.

Det heiter vidare at når stavekontrollen fungerer dårlegast på nynorsk, så saboterer det læringa av skriftspråket – og vegen til eit språkskifte blir kortare.

Staten, fylkeskommunane og kommunane betaler årleg milliardar av kroner i lisensar til dei store leverandørane av skriveprogram.

– Det kan vera lett for staten å gi alt ansvar til skulane og skuleeigarane, men når ingen av dei store selskapa førebels har stavekontrollar som følgjer offisiell rettskriving, så står skulane og kommunane ganske makteslause. Kvar enkeltkommune og skule er små mot dei store internasjonale gigantane. Staten som innkjøpar og bestillar har mykje større makt enn éin enkelt skule, heiter det.Bruk innkjøpsmakta

LNK meiner det er på tide at staten bruker denne innkjøpsmakta. Og viss ikkje det nyttar mot dei amerikanske selskapa, så er det kanskje på tide å vurdera norske eller europeiske løysingar.

I Noreg er det Kultur- og likestillingsdepartementet som fastset den offisielle rettskrivinga. Men i praksis er det no ingen som har kontroll på rettskrivinga. I staden er det store amerikanske selskap som dikterer fasiten. No krev landstinget for LNK at ansvarlege statsrådar tek ansvar og får tilbake den demokratiske kontrollen over språket vårt.