aktuelt

Nynorskstafetten er i gang!

Nynorskstafetten 2021 skal innom tolv kommunar i Rogaland i løpet av 15 dagar. Vi skal besøke opp under 40 skular og 25 barnehagar. I tillegg blir det møte med kommuneleiingar og andre på dagtid og ulike opne møte med 14 lokallag på ettermiddag- og kveldstid.

Fyrste dag er allereie gjort unna. Då var det stogg i Forsand, der målungdomsleiar Frida Pernille Mikkelsen snakka med elevane på Forsand barne- og ungdomsskule, og fungerande leiar i mållaget, Synnøve Marie Sætre, hadde møte med rektor Arvid Strand. Forfattar Ida Neverdahl vitja elevane på mellomtrinnet, der ho mellom anna snakka om boka si Floke.

Nynorsk i kvardagen

– Det er veldig kjekt å få reise på Nynorskstafett igjen. For Mållaget er det veldig nyttig å få snakke om nynorskkvardagen med både elevar, lærarar, rektorar, styrarar og kommuneleiing, for å nemne nokon, seier Synnøve Marie Sætre, leiar i Noregs Mållag.  
– Sjølv om det er svært mange nynorskbrukarar i Rogaland, er det likevel slik at nynorsken er i mindretal. Dermed har den nokre utfordringar som ikkje er så lett å få auge på for bokmålsbrukarane. Mållaget og Målungdomen er opptekne av å kjenne til den kvardagen og ta denne røyndomen med i møte med styresmaktene, seier ho.

Sandnes og Stavanger

I dag – tysdag 2. november – er det Sandnes som står for tur med besøk både på Sviland skule, Øygard ungdomsskule, Sviland barnehage og møte med oppvekstavdelinga i Sandnes kommune. Då vert også laget forsterka med Dordi Boksasp Lerum frå Målungdomen og Hege Lothe frå Mållaget.
Nye Sandnes kommune har to mållag: Forsand Mållag og Sandnes Mållag. Og det blir sjølvsagt godt med tid til å møte begge to.

Seinare denne veka er det Stavanger kommune som står for tur. Og der vert dagane fordelt mellom Stavanger, Finnøy og Rennesøy. I veke to av stafetten skal vi besøke Sola, Strand, Hjelmeland, Suldal og Sauda.  I veke tre ventar mellom anna Gjesdal, Klepp, Time, Hå og Bjerkreim.  

Forfattarbesøk

– Det som er gledeleg i år er at Noregs Mållag har fått støtte frå Kulturdepartementet til å få med oss forfattarar på Nynorskstafetten, seier mållagsleiar Synnøve Marie Sætre.
Denne veka er det Ida Neverdahl frå Stavanger som er med. Ho reiser rundt med boka Floke, som ho både har skrive og illustrert.