aktuelt

Nynorskstafetten er på vegen!

Klar for stafett. Frå venstre: Hege Lothe frå Noregs Mållag, Jógvan Helge Gardar frå Norsk Målungdom og Vemund Knudsen frå Noregs Mållag

Dei neste tre vekene er Noregs Mållag og Norsk Målungdom på tur i Telemark, Hallingdal og Valdres. På 15 dagar skal 15 kommunar, opp under 30 skular og 30 barnehagar få besøk. I tillegg blir det møte med kommuneleiingar og andre.

Fyrste dag er allereie gjort unna. Då var det stogg i Midt-Telemark kommune, der skrivar i målungdommen Jógvan Helge Gardar snakka med elevane på Bø vidaregåande skule. Hege Lothe og Vemund Knudsen frå mållaget brukte dagen i møte med Bø ungdommskule og Bø vidaregåande skule. Helsa på barnehagane Maurstad og Folkestad og hadde møte med kommunedirektøren og ordføraren i Midt-Telemark kommune.

– Det er viktig for oss i Mållaget å møte kommunane der nynorsk er ein del av kvardagen, og ein kjenner på utfordringane med eit bokmål som bankar på døra. Med nynorskstafetten håpar vi å både kunne gi inspirasjon til nynorskarbeidet i kommunen, samstundes som vi hentar inspirasjon til vårt arbeid i Mållaget, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Full timeplan

– Vi brukar ein dag i kvar kommune, og fyller opp timeplanen. Vi skal møte ordførarar, kommuneadministrasjon, barnehagar, næringsliv, skuleleiarar og Norsk Målungdom besøker skuleklassar. På kveldane blir det møte med det lokale mållaget og nokon kulturkveldar, fortel Peder Lofnes Hauge. 

Med seg i bagasjen har Mållaget ein stafettpinne og innspel til korleis kommunane kan arbeide med språk både som nynorskkommunar og tospråklege kommunar. 

 – Vi vonar kommunane kan finne god hjelp i eit samarbeid både med oss og andre nynorskaktørar. Vi ser fram til å levere frå oss stafettpinnen til kommunen og vonar dei får ny giv til språkarbeidet, avsluttar mållagsleiaren.

Stafettpinnen er levert til Midt-Telemark kommune. Frå venstre: Kommunedirektør Per Dehl, Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland (Sp) Hege Lothe frå Noregs Mållag og Sigbjørn Hjelmbrekke frå Telemark Mållag

Dette er kommunane som får besøk under stafetten:

  • Midt-Telemark kommune, måndag 31. oktober
  • Kviteseid kommune, tysdag 1. november
  • Tokke kommune, onsdag 2. november
  • Drangedal kommune, torsdag 3. november
  • Nissedal kommune, fredag 4. november
  • Seljord kommune, måndag 7. november
  • Hjartdal kommune, tysdag 8. november
  • Ål kommune, onsdag 9. november
  • Gol kommune, torsdag 10. november
  • Hemsedal kommune, fredag 11. november
  • Sør-Aurdal kommune, måndag 14. november
  • Etnedal kommune, tysdag 15. november
  • Vestre Slidre kommune, onsdag 16. november
  • Vang kommune, torsdag 17. november
  • Øystre Slidre kommune, fredag 18. november